Urkyrkja
De tre englenes budskap
Tre engler flyr gjennom himmelen med alvorlige budskap: den første forkynner et evig evangelium og kaller folkeslagene til å frykte Gud og tilbe Skaperen, den andre varsler at Babylon den store er falt, og den tredje advarer mot å tilbe dyret og ta imot dets merke, som fører til pine med ild og svovel for Lammet og englene. Synet avsluttes med en oppfordring til de helliges utholdenhet og en saligprisning av dem som dør i Herren.
Openberringa 14,6-13
6Og eg såg ein annan engel som flaug midt over himmelen. Han hadde eit evig evangelium å forkynna for dei som bur på jorda, for kvart folkeslag og stamme og tungemål og folk.
Καὶ εἶδον ⸀ἄλλον ἄγγελον πετόμενον ἐν μεσουρανήματι, ἔχοντα εὐαγγέλιον αἰώνιον εὐαγγελίσαι ⸀ἐπὶ τοὺς καθημένους ἐπὶ τῆς γῆς καὶ ἐπὶ πᾶν ἔθνος καὶ φυλὴν καὶ γλῶσσαν καὶ λαόν,
7Han sa med høg røyst: «Frykt Gud og gjev han ære, for timen for hans dom er komen! Tilbe han som skapte himmelen og jorda og havet og vasskjeldene!»
λέγων ἐν φωνῇ μεγάλῃ· Φοβήθητε τὸν ⸀θεὸν καὶ δότε αὐτῷ δόξαν, ὅτι ἦλθεν ἡ ὥρα τῆς κρίσεως αὐτοῦ, καὶ προσκυνήσατε ⸂τῷ ποιήσαντι⸃ τὸν οὐρανὸν καὶ τὴν γῆν ⸀καὶ θάλασσαν καὶ πηγὰς ὑδάτων.
8Ein annan engel, den andre, følgde etter og sa: «Fallen, fallen er Babylon den store, ho som har gjeve alle folkeslag å drikka av vinen frå hennar lidenskaplege horeri.»
Καὶ ἄλλος ⸂δεύτερος ἄγγελος⸃ ἠκολούθησεν λέγων· Ἔπεσεν, ⸀ἔπεσεν Βαβυλὼν ἡ μεγάλη, ⸀ἣ ἐκ τοῦ οἴνου τοῦ θυμοῦ τῆς πορνείας αὐτῆς πεπότικεν πάντα τὰ ἔθνη.
9Og ein tredje engel følgde etter dei og sa med høg røyst: «Om nokon tilbed dyret og biletet av det og tek imot merket på panna si eller handa si,
Καὶ ἄλλος ἄγγελος τρίτος ἠκολούθησεν αὐτοῖς λέγων ἐν φωνῇ μεγάλῃ· Εἴ τις προσκυνεῖ τὸ θηρίον καὶ τὴν εἰκόνα αὐτοῦ, καὶ λαμβάνει χάραγμα ἐπὶ τοῦ μετώπου αὐτοῦ ἢ ἐπὶ τὴν χεῖρα αὐτοῦ,
10skal han òg drikka av Guds vreidesvin, som er skjenkt ublanda i hans harmes beger. Og han skal pinast med eld og svovel framfor dei heilage englane og framfor Lammet.
καὶ αὐτὸς πίεται ἐκ τοῦ οἴνου τοῦ θυμοῦ τοῦ θεοῦ τοῦ κεκερασμένου ἀκράτου ἐν τῷ ποτηρίῳ τῆς ὀργῆς αὐτοῦ, καὶ βασανισθήσεται ἐν πυρὶ καὶ θείῳ ἐνώπιον ⸂ἀγγέλων ἁγίων⸃ καὶ ἐνώπιον τοῦ ἀρνίου.
11Røyken frå pinsla deira stig opp i all æve, og dei har ikkje kvile dag eller natt, dei som tilbed dyret og biletet av det, og kvar den som tek imot merket med namnet hans.»
καὶ ὁ καπνὸς τοῦ βασανισμοῦ αὐτῶν εἰς αἰῶνας αἰώνων ἀναβαίνει, καὶ οὐκ ἔχουσιν ἀνάπαυσιν ἡμέρας καὶ νυκτός, οἱ προσκυνοῦντες τὸ θηρίον καὶ τὴν εἰκόνα αὐτοῦ, καὶ εἴ τις λαμβάνει τὸ χάραγμα τοῦ ὀνόματος αὐτοῦ.
12Her er tolmodet til dei heilage, dei som held fast på Guds bod og trua på Jesus.
Ὧδε ἡ ὑπομονὴ τῶν ἁγίων ἐστίν, οἱ τηροῦντες τὰς ἐντολὰς τοῦ θεοῦ καὶ τὴν πίστιν Ἰησοῦ.
13Og eg høyrde ei røyst frå himmelen som sa: «Skriv: Sæle er dei døde som frå no av døyr i Herren. Ja, seier Anden, dei skal få kvila frå strevet sitt, for gjerningane deira følgjer med dei.»
Καὶ ἤκουσα φωνῆς ἐκ τοῦ οὐρανοῦ λεγούσης· Γράψον· Μακάριοι οἱ νεκροὶ οἱ ἐν κυρίῳ ἀποθνῄσκοντες ἀπʼ ἄρτι. ⸂ναί, λέγει⸃ τὸ πνεῦμα, ἵνα ⸀ἀναπαήσονται ἐκ τῶν κόπων αὐτῶν, τὰ ⸀γὰρ ἔργα αὐτῶν ἀκολουθεῖ μετʼ αὐτῶν.