Moses
Utnevnelse av ledere og dommere
Moses forteller hvordan han ikke kunne bære ansvaret for folket alene fordi de var blitt så tallrike. Han ba dem velge ut vise, forstandige og erfarne menn fra hver stamme, og satte dem som førere over tusen, hundre, femti og ti, samt tilsynsmenn. Han ga også dommerne befaling om å dømme rettferdig uten å gjøre forskjell på folk, for dommen tilhører Gud.
5. Mosebok 1,9-18
9Den gongen sa eg til dykk: Eg maktar ikkje åleine å bera dykk.
וָאֹמַ֣ר אֲלֵכֶ֔ם בָּעֵ֥ת הַהִ֖וא לֵאמֹ֑ר לֹא־אוּכַ֥ל לְבַדִּ֖י שְׂאֵ֥ת אֶתְכֶֽם׃
10Herren, dykkar Gud, har auka talet dykkar, og sjå, i dag er de talrike som stjernene på himmelen.
יְהוָ֥ה אֱלֹהֵיכֶ֖ם הִרְבָּ֣ה אֶתְכֶ֑ם וְהִנְּכֶ֣ם הַיּ֔וֹם כְּכוֹכְבֵ֥י הַשָּׁמַ֖יִם לָרֹֽב׃
11Måtte Herren, Gud åt fedrane dykkar, gjera dykk tusen gonger fleire og velsigna dykk slik han har lova dykk!
יְהוָ֞ה אֱלֹהֵ֣י אֲבֽוֹתֵכֶ֗ם יֹסֵ֧ף עֲלֵיכֶ֛ם כָּכֶ֖ם אֶ֣לֶף פְּעָמִ֑ים וִיבָרֵ֣ךְ אֶתְכֶ֔ם כַּאֲשֶׁ֖ר דִּבֶּ֥ר לָכֶֽם׃
12Korleis kan eg åleine bera strevet, børa og tretta dykkar?
אֵיכָ֥ה אֶשָּׂ֖א לְבַדִּ֑י טָרְחֲכֶ֥ם וּמַֽשַּׂאֲכֶ֖ם וְרִֽיבְכֶֽם׃
13Vel ut vise, forstandige og velrenommerte menn frå stammane dykkar, så skal eg setja dei til leiarar over dykk.
הָב֣וּ לָ֠כֶם אֲנָשִׁ֨ים חֲכָמִ֧ים וּנְבֹנִ֛ים וִידֻעִ֖ים לְשִׁבְטֵיכֶ֑ם וַאֲשִׂימֵ֖ם בְּרָאשֵׁיכֶֽם׃
14Då svara de meg og sa: Det du har sagt vi skal gjera, er godt.
וַֽתַּעֲנ֖וּ אֹתִ֑י וַתֹּ֣אמְר֔וּ טֽוֹב־הַדָּבָ֥ר אֲשֶׁר־דִּבַּ֖רְתָּ לַעֲשֽׂוֹת׃
15Så tok eg overhovuda for stammane dykkar, vise og velrenommerte menn, og sette dei til leiarar over dykk: høvdingar over tusen, høvdingar over hundre, høvdingar over femti og høvdingar over ti, og tilsynsmenn for stammane dykkar.
וָאֶקַּ֞ח אֶת־רָאשֵׁ֣י שִׁבְטֵיכֶ֗ם אֲנָשִׁ֤ים חֲכָמִים֙ וִֽידֻעִ֔ים וָאֶתֵּ֥ן אֹתָ֛ם רָאשִׁ֖ים עֲלֵיכֶ֑ם שָׂרֵ֨י אֲלָפִ֜ים וְשָׂרֵ֣י מֵא֗וֹת וְשָׂרֵ֤י חֲמִשִּׁים֙ וְשָׂרֵ֣י עֲשָׂרֹ֔ת וְשֹׁטְרִ֖ים לְשִׁבְטֵיכֶֽם׃
16Den gongen baud eg domarane dykkar og sa: Høyr sakene mellom brørne dykkar og døm rettferdig, både mellom ein mann og bror hans og mellom han og den framande hjå han.
וָאֲצַוֶּה֙ אֶת־שֹׁ֣פְטֵיכֶ֔ם בָּעֵ֥ת הַהִ֖וא לֵאמֹ֑ר שָׁמֹ֤עַ בֵּין־אֲחֵיכֶם֙ וּשְׁפַטְתֶּ֣ם צֶ֔דֶק בֵּֽין־אִ֥ישׁ וּבֵין־אָחִ֖יו וּבֵ֥ין גֵּרֽוֹ׃
17De skal ikkje gjera skilnad på folk i retten. Den vesle skal de høyra på like vel som den store. Ver ikkje redde for noko menneske, for dommen høyrer Gud til. Den saka som er for vanskeleg for dykk, skal de koma til meg med, så skal eg høyra henne.
לֹֽא־תַכִּ֨ירוּ פָנִ֜ים בַּמִּשְׁפָּ֗ט כַּקָּטֹ֤ן כַּגָּדֹל֙ תִּשְׁמָע֔וּן לֹ֤א תָג֙וּרוּ֙ מִפְּנֵי־אִ֔ישׁ כִּ֥י הַמִּשְׁפָּ֖ט לֵאלֹהִ֣ים ה֑וּא וְהַדָּבָר֙ אֲשֶׁ֣ר יִקְשֶׁ֣ה מִכֶּ֔ם תַּקְרִב֥וּן אֵלַ֖י וּשְׁמַעְתִּֽיו׃
18Den gongen baud eg dykk alt de skulle gjera.
וָאֲצַוֶּ֥ה אֶתְכֶ֖ם בָּעֵ֣ת הַהִ֑וא אֵ֥ת כָּל־הַדְּבָרִ֖ים אֲשֶׁ֥ר תַּעֲשֽׂוּן׃