Jesu liv
Ve dere, fariseere og lovkyndige
Under et måltid hos en fariseer refser Jesus fariseerne og de lovkyndige med flere ve-rop. Han anklager dem for å rense bare utsiden mens innsiden er full av grådighet, å gi tiende av krydderurter men forsømme rettferd og kjærlighet til Gud, å elske ærefulle plasser, å være som umerkede graver, å lesse tunge byrder på folk uten selv å løfte en finger, å bygge gravmæler for profetene som fedrene drepte, og å ta bort kunnskapens nøkkel. Etterpå begynner de skriftlærde og fariseerne å trenge hardt inn på ham for å fange ham i ord. Lukas 11:37-54
Lukas 11,37-54
37Då han hadde tala, bad ein farisear han heim til seg på eit måltid. Han gjekk inn og tok plass ved bordet.
Ἐν δὲ τῷ λαλῆσαι ⸀ἐρωτᾷ αὐτὸν ⸀Φαρισαῖος ὅπως ἀριστήσῃ παρʼ αὐτῷ· εἰσελθὼν δὲ ἀνέπεσεν.
38Farisearen undra seg då han såg at han ikkje først reinsa seg før måltidet.
ὁ δὲ Φαρισαῖος ἰδὼν ἐθαύμασεν ὅτι οὐ πρῶτον ἐβαπτίσθη πρὸ τοῦ ἀρίστου.
39Men Herren sa til han: «Ja, de farisearar, de gjer utsida av begeret og fatet rein, men innsida dykkar er full av ran og vondskap.
εἶπεν δὲ ὁ κύριος πρὸς αὐτόν· Νῦν ὑμεῖς οἱ Φαρισαῖοι τὸ ἔξωθεν τοῦ ποτηρίου καὶ τοῦ πίνακος καθαρίζετε, τὸ δὲ ἔσωθεν ὑμῶν γέμει ἁρπαγῆς καὶ πονηρίας.
40Uvituge! Han som skapte utsida, har ikkje han skapt innsida òg?
ἄφρονες, οὐχ ὁ ποιήσας τὸ ἔξωθεν καὶ τὸ ἔσωθεν ἐποίησεν;
41Men gjev det de har inni, som almisse, så skal alt vera reint for dykk.
πλὴν τὰ ἐνόντα δότε ἐλεημοσύνην, καὶ ἰδοὺ πάντα καθαρὰ ὑμῖν ἐστιν.
42Men ve dykk, farisearar! De gjev tiend av mynte og rute og alle slags grønsaker, men bryr dykk ikkje om rettferd og kjærleik til Gud. Det eine burde de gjera, men ikkje forsømma det andre.
Ἀλλὰ οὐαὶ ὑμῖν τοῖς Φαρισαίοις, ὅτι ἀποδεκατοῦτε τὸ ἡδύοσμον καὶ τὸ πήγανον καὶ πᾶν λάχανον, καὶ παρέρχεσθε τὴν κρίσιν καὶ τὴν ἀγάπην τοῦ θεοῦ· ταῦτα ⸀δὲ ἔδει ποιῆσαι κἀκεῖνα μὴ ⸀παρεῖναι.
43Ve dykk, farisearar! De vil gjerne ha dei fremste seta i synagogane og bli helsa med ærbøding på torget.
οὐαὶ ὑμῖν τοῖς Φαρισαίοις, ὅτι ἀγαπᾶτε τὴν πρωτοκαθεδρίαν ἐν ταῖς συναγωγαῖς καὶ τοὺς ἀσπασμοὺς ἐν ταῖς ἀγοραῖς.
44Ve dykk! De er som graver som ikkje er merkte, og folk går over dei utan å vita det.
οὐαὶ ⸀ὑμῖν, ὅτι ἐστὲ ὡς τὰ μνημεῖα τὰ ἄδηλα, καὶ οἱ ἄνθρωποι ⸀οἱ περιπατοῦντες ἐπάνω οὐκ οἴδασιν.
45Då tok ein av dei lovkunnige ordet og sa til han: «Meister, når du seier dette, krenkjer du oss òg.»
Ἀποκριθεὶς δέ τις τῶν νομικῶν λέγει αὐτῷ· Διδάσκαλε, ταῦτα λέγων καὶ ἡμᾶς ὑβρίζεις.
46Han svara: «Ve òg dykk lovkunnige! De lessar på folk bører som er umogelege å bera, men sjølve rører de dei ikkje med ein finger.
ὁ δὲ εἶπεν· Καὶ ὑμῖν τοῖς νομικοῖς οὐαί, ὅτι φορτίζετε τοὺς ἀνθρώπους φορτία δυσβάστακτα, καὶ αὐτοὶ ἑνὶ τῶν δακτύλων ὑμῶν οὐ προσψαύετε τοῖς φορτίοις.
47Ve dykk! De byggjer gravminne over profetane, dei som fedrane dykkar drap.
οὐαὶ ὑμῖν, ὅτι οἰκοδομεῖτε τὰ μνημεῖα τῶν προφητῶν οἱ δὲ πατέρες ὑμῶν ἀπέκτειναν αὐτούς.
48Såleis vitnar de om og godkjenner gjerningane til fedrane dykkar. For dei drap profetane, og de byggjer gravminna.
ἄρα ⸂μάρτυρές ἐστε⸃ καὶ συνευδοκεῖτε τοῖς ἔργοις τῶν πατέρων ὑμῶν, ὅτι αὐτοὶ μὲν ἀπέκτειναν αὐτοὺς ὑμεῖς δὲ ⸀οἰκοδομεῖτε.
49Difor har Guds visdom sagt: 'Eg vil senda profetar og apostlar til dei. Nokre av dei skal dei drepa og forfølgja.'
διὰ τοῦτο καὶ ἡ σοφία τοῦ θεοῦ εἶπεν· Ἀποστελῶ εἰς αὐτοὺς προφήτας καὶ ἀποστόλους, καὶ ἐξ αὐτῶν ἀποκτενοῦσιν καὶ ⸀διώξουσιν,
50Slik skal blodet av alle profetane som er utrent heilt frå verda vart grunnlagd, bli kravd av denne slekta,
ἵνα ἐκζητηθῇ τὸ αἷμα πάντων τῶν προφητῶν τὸ ἐκκεχυμένον ἀπὸ καταβολῆς κόσμου ἀπὸ τῆς γενεᾶς ταύτης,
51frå Abels blod til blodet av Sakarja, han som vart drepen mellom altaret og tempelet. Ja, eg seier dykk: Denne slekta skal bli kravd til rekneskap.
⸀ἀπὸ αἵματος Ἅβελ ⸀ἕως αἵματος Ζαχαρίου τοῦ ἀπολομένου μεταξὺ τοῦ θυσιαστηρίου καὶ τοῦ οἴκου· ναί, λέγω ὑμῖν, ἐκζητηθήσεται ἀπὸ τῆς γενεᾶς ταύτης.
52Ve dykk lovkunnige! De har teke bort nykkelen til kunnskapen. Sjølve gjekk de ikkje inn, og dei som ville gå inn, hindra de.
οὐαὶ ὑμῖν τοῖς νομικοῖς, ὅτι ἤρατε τὴν κλεῖδα τῆς γνώσεως· αὐτοὶ οὐκ εἰσήλθατε καὶ τοὺς εἰσερχομένους ἐκωλύσατε.
53Då han gjekk derifrå, tok dei skriftlærde og farisearane til å trengja seg hardt inn på han og pressa han med mange spørsmål.
⸂Κἀκεῖθεν ἐξελθόντος αὐτοῦ⸃ ἤρξαντο οἱ γραμματεῖς καὶ οἱ Φαρισαῖοι δεινῶς ἐνέχειν καὶ ἀποστοματίζειν αὐτὸν περὶ πλειόνων,
54Dei lurte på han for å fanga han i noko han sa.
ἐνεδρεύοντες ⸀αὐτὸν θηρεῦσαί τι ἐκ τοῦ στόματος ⸀αὐτοῦ.