Jesu liv

Vintreet og grenene

Jesus sier: 'Jeg er det sanne vintreet, dere er grenene.' Faderen er vinbonden som beskjærer grenene så de bærer mer frukt. Den som blir i Jesus bærer mye frukt, og han befaler disiplene å elske hverandre slik han har elsket dem.

Johannes 15,1-17

1Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen.
Ἐγώ εἰμι ἡ ἄμπελος ἡ ἀληθινή, καὶ ὁ πατήρ μου ὁ γεωργός ἐστιν·
2Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort, og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt.
πᾶν κλῆμα ἐν ἐμοὶ μὴ φέρον καρπὸν αἴρει αὐτό, καὶ πᾶν τὸ καρπὸν φέρον καθαίρει αὐτὸ ἵνα ⸂καρπὸν πλείονα⸃ φέρῃ.
3De er alt reine på grunn av ordet eg har tala til dykk.
ἤδη ὑμεῖς καθαροί ἐστε διὰ τὸν λόγον ὃν λελάληκα ὑμῖν·
4Bli verande i meg, så blir eg verande i dykk. For liksom greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv utan at ho blir verande i vintreet, kan heller ikkje de bera frukt utan at de blir verande i meg.
μείνατε ἐν ἐμοί, κἀγὼ ἐν ὑμῖν. καθὼς τὸ κλῆμα οὐ δύναται καρπὸν φέρειν ἀφʼ ἑαυτοῦ ἐὰν μὴ ⸀μένῃ ἐν τῇ ἀμπέλῳ, οὕτως οὐδὲ ὑμεῖς ἐὰν μὴ ἐν ἐμοὶ ⸀μένητε.
5Eg er vintreet, de er greinene. Den som blir verande i meg og eg i han, ber mykje frukt. For utan meg kan de ikkje gjera nokon ting.
ἐγώ εἰμι ἡ ἄμπελος, ὑμεῖς τὰ κλήματα. ὁ μένων ἐν ἐμοὶ κἀγὼ ἐν αὐτῷ οὗτος φέρει καρπὸν πολύν, ὅτι χωρὶς ἐμοῦ οὐ δύνασθε ποιεῖν οὐδέν.
6Den som ikkje blir verande i meg, blir kasta ut som ei grein og visnar. Slike greiner blir samla og kasta på elden, og dei brenn opp.
ἐὰν μή τις ⸀μένῃ ἐν ἐμοί, ἐβλήθη ἔξω ὡς τὸ κλῆμα καὶ ἐξηράνθη, καὶ συνάγουσιν αὐτὰ καὶ εἰς τὸ πῦρ βάλλουσιν καὶ καίεται.
7Om de blir verande i meg og orda mine blir verande i dykk, så be om kva de vil, og de skal få det.
ἐὰν μείνητε ἐν ἐμοὶ καὶ τὰ ῥήματά μου ἐν ὑμῖν μείνῃ, ὃ ἐὰν θέλητε ⸀αἰτήσασθε καὶ γενήσεται ὑμῖν·
8Ved dette er Far min herleggjord: at de ber mykje frukt og viser at de er læresveinane mine.
ἐν τούτῳ ἐδοξάσθη ὁ πατήρ μου ἵνα καρπὸν πολὺν φέρητε καὶ ⸀γένησθε ἐμοὶ μαθηταί.
9Som Far har elska meg, har eg elska dykk. Bli verande i kjærleiken min.
καθὼς ἠγάπησέν με ὁ πατήρ, κἀγὼ ⸂ὑμᾶς ἠγάπησα⸃, μείνατε ἐν τῇ ἀγάπῃ τῇ ἐμῇ.
10Om de held boda mine, blir de verande i kjærleiken min, liksom eg har halde boda til Far min og blir verande i kjærleiken hans.
ἐὰν τὰς ἐντολάς μου τηρήσητε, μενεῖτε ἐν τῇ ἀγάπῃ μου, καθὼς ἐγὼ ⸂τὰς ἐντολὰς τοῦ πατρός μου⸃ τετήρηκα καὶ μένω αὐτοῦ ἐν τῇ ἀγάπῃ.
11Dette har eg tala til dykk så gleda mi kan vera i dykk, og gleda dykkar kan bli fullkomen.
ταῦτα λελάληκα ὑμῖν ἵνα ἡ χαρὰ ἡ ἐμὴ ἐν ὑμῖν ⸀ᾖ καὶ ἡ χαρὰ ὑμῶν πληρωθῇ.
12Dette er bodet mitt: at de skal elska kvarandre slik eg har elska dykk.
Αὕτη ἐστὶν ἡ ἐντολὴ ἡ ἐμὴ ἵνα ἀγαπᾶτε ἀλλήλους καθὼς ἠγάπησα ὑμᾶς·
13Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine.
μείζονα ταύτης ἀγάπην οὐδεὶς ἔχει, ἵνα τις τὴν ψυχὴν αὐτοῦ θῇ ὑπὲρ τῶν φίλων αὐτοῦ.
14De er venene mine dersom de gjer det eg byd dykk.
ὑμεῖς φίλοι μού ἐστε ἐὰν ποιῆτε ⸀ἃ ἐγὼ ἐντέλλομαι ὑμῖν.
15Eg kallar dykk ikkje lenger tenarar, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg har kalla dykk vener, for alt det eg har høyrt frå Far min, har eg gjort kjent for dykk.
οὐκέτι ⸂λέγω ὑμᾶς⸃ δούλους, ὅτι ὁ δοῦλος οὐκ οἶδεν τί ποιεῖ αὐτοῦ ὁ κύριος· ὑμᾶς δὲ εἴρηκα φίλους, ὅτι πάντα ἃ ἤκουσα παρὰ τοῦ πατρός μου ἐγνώρισα ὑμῖν.
16De har ikkje valt meg ut, men eg har valt dykk ut og sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som varer, så Far skal gje dykk alt de bed om i mitt namn.
οὐχ ὑμεῖς με ἐξελέξασθε, ἀλλʼ ἐγὼ ἐξελεξάμην ὑμᾶς, καὶ ἔθηκα ὑμᾶς ἵνα ὑμεῖς ὑπάγητε καὶ καρπὸν φέρητε καὶ ὁ καρπὸς ὑμῶν μένῃ, ἵνα ὅ τι ἂν αἰτήσητε τὸν πατέρα ἐν τῷ ὀνόματί μου δῷ ὑμῖν.
17Dette byd eg dykk: at de skal elska kvarandre.
ταῦτα ἐντέλλομαι ὑμῖν ἵνα ἀγαπᾶτε ἀλλήλους.