Stefanusdag/2. juledag
GT
Det lyder klagerop i Rama
Jer 31,15-17
31:15Så seier Herren: Ei røyst høyrest i Rama, klage og bitter gråt. Rakel græt over borna sine og vil ikkje la seg trøysta, for dei er ikkje meir. 16Så seier Herren: Hald opp med gråten og tørk tårene! For det er løn for strevet ditt, seier Herren. Dei skal venda heim att frå fiendeland. 17Det er von for framtida di, seier Herren. Borna skal venda heim att til landet sitt.
Apostlane
Stefanus blir steinet
Apg 7,52-60
7:52Kven av profetane forfølgde ikkje fedrane dykkar? Dei drap dei som føreåt fortalde om at Den rettferdige skulle koma. Og no har de vorte hans svikarar og mordarar, 53de som tok imot lova gjennom englars formidling, men ikkje heldt henne.» 54Då dei høyrde dette, vart dei rasande i hjarta sine og skar tenner mot han. 55Men Stefanus var fylt av Den Heilage Ande og stirde opp mot himmelen. Han såg Guds herlegdom og Jesus stå ved Guds høgre hand. 56Han sa: «Sjå, eg ser himmelen open og Menneskesonen stå ved Guds høgre hand!» 57Då skreik dei høgt, heldt seg for øyra og storma samstundes mot han. 58Dei dreiv han ut av byen og steina han. Vitna la kleda sine ved føtene til ein ung mann som heitte Saulus. 59Medan dei steina Stefanus, bad han og sa: «Herre Jesus, tak imot anda mi!» 60Så fall han på kne og ropa høgt: «Herre, tilrekna dei ikkje denne synda!» Då han hadde sagt dette, sovna han inn.
Evangelium
Barnemordet og veien til Nasaret
Matt 2,16-23
2:16Då Herodes skjøna at dei vise mennene hadde lurt han, vart han rasande. Han sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og i heile området ikring som var to år eller yngre, i samsvar med den tida han hadde fått vita av dei vise mennene. 17Då vart det oppfylt, det som er tala gjennom profeten Jeremia: 18«Ei røyst vart høyrd i Rama, gråt og stor klage. Rakel græt over borna sine og ville ikkje la seg trøysta, for dei er ikkje meir.» 19Då Herodes var død, synte ein Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt. 20Han sa: «Stå opp, ta med deg barnet og mor hans og dra til Israels land, for dei som stod barnet etter livet, er døde.» 21Då stod han opp, tok barnet og mor hans med seg og kom til Israels land. 22Men då han høyrde at Arkelaus var konge i Judea etter far sin Herodes, var han redd for å dra dit. Etter ei åtvaring i ein draum drog han til Galilea-området. 23Der busette han seg i ein by som heitte Nasaret. Slik skulle det oppfyllast som er tala gjennom profetane, at han skulle kallast nasarear.