Nyttårsaften
GT
Alt har sin tid
Fork 3,1-2; 3,4-7; 3,11a
3:1Alt har si tid, og kvar ting under himmelen har si stund. 2Det er ei tid for å fødast og ei tid for å døy, ei tid for å planta og ei tid for å rykkja opp det som er planta. 4Det er ei tid for å gråta og ei tid for å le, ei tid for å sørgja og ei tid for å dansa. 5Det er ei tid for å kasta steinar og ei tid for å samla steinar, ei tid for å famna og ei tid for å halda seg frå å famna. 6Det er ei tid for å leita og ei tid for å mista, ei tid for å ta vare på og ei tid for å kasta bort. 7Det er ei tid for å riva sund og ei tid for å sy saman, ei tid for å teia og ei tid for å tala. 11aHan har gjort alt fagert i si tid.
Brev
Herrens ord varer til evig tid
1Pet 1,22-25
1:22Når de har reinsa sjelene dykkar ved å lyda sanninga, så de har fått ei ekte syskenkjærleik, elsk då kvarandre inderleg av eit reint hjarte. 23De er fødde på nytt, ikkje av forgjengeleg sæd, men av uforgjengeleg, ved Guds levande og evig blivande ord. 24For alt kjøt er som gras, og all herlegdomen som blomen på graset. Graset visnar og blomen fell av, 25men Herrens ord blir ståande til evig tid. Og dette ordet er evangeliet som har vorte forkynt for dykk.
Evangelium
Fikentreet som ikke bar frukt
Luk 13,6-9
13:6Så fortalde han denne likninga: «Ein mann hadde eit fikentre planta i vingarden sin. Han kom og leita etter frukt på det, men fann ikkje noko. 7Då sa han til vingardsmannen: 'Sjå, i tre år har eg no kome og leita etter frukt på dette fikentreet utan å finna noko. Hogg det ned! Kvifor skal det ta opp plassen?' 8Men han svara: 'Herre, lat det stå enno dette året, så skal eg grava rundt det og gjødsla det. 9Kanskje ber det frukt neste år. Gjer det ikkje det, så kan du hogga det ned.'»