Nyttårsdag/Jesu navnedag
GT
Velsignelsen
4Mos 6,22-27
6:22Herren tala til Moses: 23«Tal til Aron og sønene hans og sei: Slik skal de velsigna israelittane. Sei til dei: 24Herren velsigne deg og vare deg. 25Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig. 26Herren lyfte sitt andlet mot deg og gjeve deg fred. 27Slik skal dei leggja mitt namn på israelittane, og eg skal velsigna dei.»
Brev
Navnet over alle navn
Fil 2,5-11
2:5Lat det same sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus: 6Han var i Guds skapnad, men rekna ikkje det å vera Gud lik som noko å halda fast på. 7Nei, han tømde seg sjølv, tok ein tenars skapnad og vart menneske lik. Og då han i det ytre var funnen som eit menneske, 8fornedra han seg sjølv og vart lydig til døden, ja, døden på krossen. 9Difor har Gud opphøgd han til det høgste og gjeve han namnet som er over alle namn, 10så kvart kne skal bøya seg i Jesu namn, i himmelen, på jorda og under jorda, 11og kvar tunge skal vedkjenna at Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders ære.
Evangelium
Han fikk navnet Jesus
Luk 2,21
2:21Då åtte dagar var gått og han skulle omskjerast, fekk han namnet Jesus, det namnet engelen hadde gjeve han før han vart avla i mors liv.