Kristi åpenbaringsdag
GT
Herrens herlighet over deg
Jes 60,1-6
60:1Reis deg, skin! For lyset ditt er kome, og Herrens herlegdom går opp over deg. 2Sjå, mørker dekkjer jorda, og skodde ligg over folka. Men over deg går Herren opp, og herlegdomen hans syner seg over deg. 3Folkeslaga skal gå mot lyset ditt, og kongane mot stråleglansen din. 4Lyft auga dine og sjå deg omkring! Alle samlar seg og kjem til deg. Sønene dine kjem langvegsfrå, og døtrene dine vert borne på armen. 5Då skal du sjå det og stråla, hjartet ditt skal beva og vida seg ut. For havets overflod skal vendast til deg, folkeslaga sin velstand skal koma til deg. 6Ei mengd med kamelar skal dekkja deg, unge kamelar frå Midjan og Efa. Alle frå Saba skal koma, gull og røykjelse skal dei bera, og Herrens pris skal dei forkynna.
Brev
Kristi mysterium
Ef 3,1-7
3:1Difor er det eg, Paulus, som er fange for Kristus Jesus for dykkar skuld, de heidningfolk — 2om de då har høyrt om forvaltinga av den Guds nåde som vart gjeven meg med tanke på dykk: 3Ved openberring vart løyndomen gjord kjend for meg, slik eg alt har skrive kort om. 4Når de les dette, kan de skjøna den innsikta eg har i Kristi løyndom. 5Denne løyndomen var ikkje gjord kjend for menneskeborn i tidlegare slekter, slik han no er openberra for hans heilage apostlar og profetar ved Anden. 6Løyndomen er at heidningfolka er medarvingar, høyrer til same lekamen og har del i lovnaden i Kristus Jesus gjennom evangeliet. 7Eg vart ein tenar for dette evangeliet ved den gåva av Guds nåde som vart gjeven meg ved verknaden av hans kraft.
Evangelium
Vismennene hyller Jesus
Matt 2,1-12
2:1Då Jesus var fødd i Betlehem i Judea, i kong Herodes si tid, kom det vise menn frå Austen til Jerusalem. 2Dei spurde: «Kvar er han som er fødd til å vera jødanes konge? For vi såg stjerna hans gå opp og har kome for å tilbe han.» 3Då kong Herodes høyrde dette, vart han uroa, og heile Jerusalem med han. 4Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket og spurde dei ut om kvar Messias skulle bli fødd. 5Dei svara han: «I Betlehem i Judea, for slik står det skrive gjennom profeten: 6Og du, Betlehem i Juda land, er slett ikkje den minste blant fyrstane i Juda. For frå deg skal det koma ein leiar som skal vera hyrding for folket mitt Israel.» 7Då kalla Herodes dei vise mennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om kva tid stjerna hadde vist seg. 8Så sende han dei til Betlehem og sa: «Gå og leit nøye etter barnet. Og når de finn det, så meld frå til meg, så eg òg kan koma og tilbe det.» 9Då dei hadde høyrt på kongen, drog dei av stad. Og sjå, stjerna som dei hadde sett gå opp, gjekk føre dei til ho kom og stod stille over staden der barnet var. 10Då dei såg stjerna, vart dei fylte av overlag stor glede. 11Dei gjekk inn i huset og såg barnet hos Maria, mor hans. Då fall dei ned og tilbad det, og dei opna skattane sine og bar fram gåver til det: gull, røykjelse og myrra. 12Og då dei i ein draum fekk ei åtvaring om ikkje å fara attende til Herodes, drog dei ein annan veg heim til landet sitt.