søndag 11. januar 2026

2. søndag i åpenbaringstiden

Rekkje I
GT

Herrens tjener, et lys for folkene

Jes 42,1-6

42:1Sjå, min tenar som eg held oppe, min utvalde som mi sjel har hugnad i! Eg har lagt min Ande på han, han skal føra rett ut til folkeslaga. 2Han skal ikkje ropa og ikkje setja i, ikkje la røysta si høyrast ute. 3Eit knekt røyr skal han ikkje bryta av, ein rykande veik skal han ikkje sløkkja. Med truskap skal han føra retten ut. 4Han skal ikkje slokna og ikkje bli knekt før han har grunnlagt retten på jorda. Fjerne strender ventar på hans lov. 5Så seier Gud Herren, som skapte himmelen og spente han ut, som breidde ut jorda med det som spirer fram av henne, som gjev livsande til folket på henne og ånd til dei som ferdast der: 6Eg, Herren, har kalla deg i rettferd. Eg grip handa di og vernar deg. Eg gjer deg til ei pakt for folket, til eit lys for folkeslaga,
Apostlane

Johannesdåpen og kristen dåp

Apg 18,24-19,7

18:24Ein jøde som heitte Apollos, fødd i Aleksandria, kom til Efesos. Han var ein lærd mann og hadde god kjennskap til Skriftene. 25Han hadde fått opplæring i Herrens veg, og med brennande iver tala og underviste han nøyaktig om det som gjaldt Jesus, endå han berre kjende Johannes-dåpen. 26Han tok til å tala frimodig i synagogen. Då Priskilla og Akvilas høyrde han, tok dei han med seg og forklarte Guds veg meir nøyaktig for han. 27Då han ville fara over til Akaia, oppmuntra syskena han og skreiv til læresveinane at dei skulle ta vel imot han. Og då han kom dit, vart han til stor hjelp for dei som ved nåden var komne til tru. 28For med kraft gjendreiv han jødane offentleg og viste ut frå Skriftene at Jesus er Messias. 19:1Medan Apollos var i Korint, reiste Paulus gjennom innlandsområda og kom til Efesos. Der fann han nokre læresveinar. 2Han spurde dei: «Fekk de Den Heilage Ande då de kom til tru?» Dei svara: «Vi har ikkje eingong høyrt at det finst ein Heilag Ande.» 3Han spurde: «Kva dåp vart de då døypte med?» Dei svara: «Med Johannes sin dåp.» 4Paulus sa: «Johannes døypte med ein omvendingsdåp og sa til folket at dei skulle tru på han som kom etter han, det vil seia Jesus.» 5Då dei høyrde dette, vart dei døypte i Herren Jesu namn. 6Og då Paulus la hendene på dei, kom Den Heilage Ande over dei, og dei tala i tunger og profeterte. 7Det var om lag tolv menn i alt.
Evangelium

Jesus blir døpt

Matt 3,13-17

3:13Då kom Jesus frå Galilea til Jordan for å bli døypt av Johannes. 14Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng å bli døypt av deg, og så kjem du til meg?» 15Jesus svara han: «Lat det no skje! For slik høver det seg for oss å oppfylla all rettferd.» Då lét Johannes det skje. 16Då Jesus var døypt, steig han straks opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma ned over han som ei due. 17Og sjå, ei røyst frå himmelen sa: «Dette er Son min, han som eg elskar. I han har eg velvilje.»
← Alle lesetekstar