3. søndag i åpenbaringstiden
GT
Mann og kvinne i Guds bilde
1Mos 1,26-31
1:26Då sa Gud: «Lat oss skapa menneske i vårt bilete, etter vår likning! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet, over heile jorda og over alle krypdyr som kryp på jorda.» 27Og Gud skapte mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei. 28Gud velsigna dei og sa til dei: «Ver fruktbare og bli mange, fyll jorda og legg henne under dykk! Råd over fiskane i havet og fuglane under himmelen og over alt levande som rører seg på jorda!» 29Og Gud sa: «Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Det skal vera maten dykkar. 30Og til alle dyr på jorda og alle fuglar under himmelen og alt som kryp på jorda, alt som har livsande i seg, gjev eg alle grøne planter til føde.» Og det vart slik. 31Gud såg på alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt. Og det vart kveld, og det vart morgon – den sjette dagen.
Åp
En ny himmel og en ny jord
Op 21,1-6
21:1Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den første himmelen og den første jorda var borte, og havet fanst ikkje meir. 2Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, gjord i stand som ei brur som er pynta for sin brudgom. 3Og eg høyrde ei høg røyst frå trona som sa: «Sjå, Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hos dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hos dei. 4Han skal tørka kvar tåre frå auga deira, og døden skal ikkje vera meir. Heller ikkje sorg eller skrik eller pine skal vera meir. For det som ein gong var, er borte.» 5Og han som sat på trona, sa: «Sjå, eg gjer alle ting nye.» Og han sa: «Skriv, for desse orda er truverdige og sanne.» 6Og han sa til meg: «Det har hendt. Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Den som tørstar, vil eg gje å drikka utan betaling frå kjelda med livsens vatn.
Evangelium
Bryllupet i Kana
Joh 2,1-11
2:1På den tredje dagen var det eit bryllaup i Kana i Galilea, og mor til Jesus var der. 2Jesus og læresveinane hans var òg bedne til bryllaupet. 3Då vinen tok slutt, sa mor til Jesus til han: «Dei har ikkje meir vin.» 4Jesus sa til henne: «Kvinne, kva har du med meg å gjera? Timen min er enno ikkje komen.» 5Mor hans sa til tenarane: «Gjer det han seier til dykk.» 6Det stod seks vasskar av stein der, slik skikken var for den jødiske reinsinga. Kvart kar romma to eller tre anker. 7Jesus sa til dei: «Fyll kara med vatn.» Og dei fylte dei til randa. 8Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Og dei bar det til han. 9Då kjøkemeisteren smaka på vatnet som hadde vorte til vin, visste han ikkje kvar det kom frå. Men tenarane som hadde aust opp vatnet, dei visste det. Kjøkemeisteren ropa på brudgomen 10og sa til han: «Alle set først fram den gode vinen, og når gjestene har drukke godt, kjem dei med den dårlegare. Men du har spart den gode vinen til no.» 11Dette var det første teiknet Jesus gjorde, det var i Kana i Galilea. Han openberra herlegdomen sin, og læresveinane hans trudde på han.