søndag 25. januar 2026

4. søndag i åpenbaringstiden

Rekkje I
Salme

Herren åpner blindes øyne

Sal 146,1-10

146:1Halleluja! Lovsyng HERREN, mi sjel! 2Eg vil lovsynga HERREN så lenge eg lever, eg vil prisa min Gud så lenge eg er til. 3Set ikkje lit til fyrstane, til eit menneske som ikkje kan frelsa. 4Når anda fer ut, vender mennesket attende til jorda si. Den dagen går alle tankane deira til grunne. 5Sæl er den som har Jakobs Gud til hjelpar, den som set si von til Herren, sin Gud. 6Han som skapte himmel og jord, havet og alt som er i det, han som held truskap for alltid. 7Han skaffar rett til dei undertrykte, han gjev brød til dei svoltne. HERREN set fangar fri. 8HERREN opnar auga på dei blinde, HERREN reiser opp dei nedbøygde, HERREN elskar dei rettferdige. 9HERREN vernar innflyttarane, han styrkjer farlause og enkjer, men vegen til dei ugudelege leier han på avvegar. 10HERREN skal vera konge for alltid, din Gud, Sion, frå slekt til slekt. Halleluja!
Evangelium

Den blinde ved Jeriko

Luk 18,35-43

18:35Då han nærma seg Jeriko, sat det ein blind mann ved vegen og tigga. 36Han høyrde ein folkemengde som gjekk forbi, og spurde kva som gjekk føre seg. 37Dei fortalde han at Jesus frå Nasaret kom forbi. 38Då ropa han: «Jesus, Davids son, miskunna deg over meg!» 39Dei som gjekk føre, tala strengt til han og bad han teia. Men han ropa endå høgare: «Davids son, miskunna deg over meg!» 40Jesus stansa og bad om at mannen skulle førast til han. Då han kom nær, spurde Jesus han: 41«Kva vil du eg skal gjera for deg?» Han svara: «Herre, lat meg få synet att!» 42Jesus sa til han: «Få synet ditt att! Trua di har frelst deg.» 43Straks kunne han sjå, og han følgde Jesus og prisa Gud. Og alt folket som såg det, lova Gud.
← Alle lesetekstar