Såmannssøndag
GT
Ordet vender ikke tomt tilbake
Jes 55,8-13
55:8For mine tankar er ikkje dykkar tankar, og dykkar vegar er ikkje mine vegar, seier Herren. 9For så høgt som himmelen er over jorda, så mykje høgare er mine vegar enn dykkar vegar, og mine tankar enn dykkar tankar. 10For liksom regnet og snøen fell ned frå himmelen og ikkje vender attende dit, men først vatnar jorda og får henne til å bera og spira, så det gjev såkorn til den som sår og brød til den som et, 11slik skal ordet mitt vera, det som går ut frå munnen min: Det skal ikkje venda tomt attende til meg, men det skal gjera det eg vil, og fullføra det eg sender det til. 12For med glede skal de dra ut, og i fred skal de førast fram. Fjella og haugane skal bryta ut i jubel framfor dykk, og alle tre på marka skal klappa i hendene. 13I staden for tornebuskar skal det veksa sypressar, og i staden for nesler skal det veksa myrt. Det skal vera til ære for Herren, til eit evig teikn som aldri skal utslettast.
Brev
Guds ord er levende
Hebr 4,12-13
4:12For Guds ord er levande og verksamt og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, ledd og merg, og dømer tankane og råda i hjartet. 13Og inga skapning er løynd for hans augo. Alt ligg nakent og bert for augo til han som vi skal gjera rekneskap for.
Evangelium
Såmannen og jordsmonnet
Luk 8,4-15
8:4Då mykje folk samla seg, og folk frå by etter by kom til han, tala han i ei likning: 5«Ein såmann gjekk ut for å så kornet sitt. Og medan han sådde, fall noko ved vegen. Det vart trakka ned, og fuglane under himmelen åt det opp. 6Noko fall på steingrunn, og då det kom opp, tørka det bort fordi det ikkje hadde væte. 7Noko fall midt mellom tornebuskar, og tornebuskane voks opp saman med det og kvelte det. 8Men noko fall i god jord, og det voks opp og bar hundre gonger så mykje frukt.» Då han hadde sagt dette, ropa han ut: «Den som har øyre å høyra med, høyr!» 9Læresveinane hans spurde han kva denne likninga tydde. 10Han sa: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om Guds rike. Men til dei andre kjem det i likningar, så dei ser og likevel ikkje ser, og høyrer og likevel ikkje forstår.» 11Dette er likninga: Såkornet er Guds ord. 12Dei ved vegen er dei som høyrer, men så kjem djevelen og tek ordet bort frå hjarta deira, så dei ikkje skal tru og bli frelste. 13Dei på steingrunn er dei som tek imot ordet med glede når dei høyrer det. Men dei har ikkje rot; dei trur berre ei tid, og når prøvingar kjem, fell dei frå. 14Det som fall mellom tornebuskar, er dei som høyrer, men som på vegen gjennom livet blir kvelte av bekymringar, rikdom og nyting, så dei ikkje ber mogen frukt. 15Men det i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek vare på det i eit godt og ærleg hjarte, og ber frukt med tolmod.