Samefolkets dag
GT
Gud formet mannen av jord
1Mos 2,4-9
2:4Dette er historia om himmelen og jorda då dei vart skapte, den dagen Herren Gud laga jord og himmel. 5Ingen busk på marka fanst enno på jorda, og ingen grøde på marka hadde spirt fram, for Herren Gud hadde ikkje late det regna på jorda, og det fanst ikkje noko menneske til å dyrka marka. 6Men ein dis steig opp frå jorda og vatna heile overflata på marka. 7Då forma Herren Gud mennesket av støv frå jorda og bles livsande inn i nasen hans, og mennesket vart ei levande sjel. 8Herren Gud planta ein hage i Eden, mot aust, og der sette han mennesket som han hadde forma. 9Herren Gud lét alle slags tre veksa opp frå jorda, fagre å sjå på og gode å eta av – og livsens tre midt i hagen, og treet til kunnskap om godt og vondt.
Brev
Dere er alle én i Kristus
Gal 3,26-29
3:26For de er alle Guds born ved trua på Kristus Jesus. 27For alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus. 28Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. For de er alle éin i Kristus Jesus. 29Og høyrer de Kristus til, då er de Abrahams ætt og arvingar etter lovnaden.
Evangelium
Jordens salt og verdens lys
Matt 5,13-16
5:13Det duger ikkje lenger til noko, anna enn å bli kasta ut og trakka ned av folk. 14De er lyset i verda. Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast. 15Ein tenner heller ikkje ei lampe og set henne under eit kar. Nei, ein set henne på lampestaken, så lyser ho for alle i huset. 16Slik skal lyset dykkar lysa for menneska, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen.