søndag 15. februar 2026

Fastelavnssøndag

Rekkje I
GT

Kjærligheten er sterk som døden

Høgs 8,6-7

8:6Set meg som eit segl på hjarta ditt, som eit segl på armen din. For kjærleiken er sterk som døden, lidenskapen er hard som dødsriket. Gneistane frå han er eldgneister, ein veldig loge. 7Veldige vatn kan ikkje sløkkja kjærleiken, og elvar kan ikkje skylja han bort. Om ein mann ville gje all rikdomen i huset sitt for kjærleiken, ville han berre bli forsmådd.
Brev

Kjærlighetens vei

1Kor 13,1-7

13:1Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg berre ljomande malm eller ei klingande bjølle. 2Og om eg har profetisk gåve og kjenner alle løyndomar og har all kunnskap, og om eg har all tru så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingenting. 3Og om eg gjev bort alt eg eig, og om eg gjev kroppen min til å brennast, men ikkje har kjærleik, då gagnar det meg ingenting. 4Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig. Han misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig. 5Han gjer ikkje noko usømeleg, søkjer ikkje sitt eige, blir ikkje oppøst, gøymer ikkje på det vonde. 6Han gleder seg ikkje over urett, men gleder seg med sanninga. 7Han dekkjer over alt, trur alt, vonar alt, toler alt.
Evangelium

Så kjærligheten kan være i dem

Joh 17,20-26

17:20Eg bed ikkje berre for desse, men òg for dei som kjem til å tru på meg gjennom ordet deira. 21at alle skal vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg, så dei òg skal vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. 22Den herlegdomen du har gjeve meg, har eg gjeve dei, så dei skal vera eitt slik vi er eitt. 23Eg i dei og du i meg, så dei skal vera fullkome til eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei slik du har elska meg. 24Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hos meg der eg er, så dei får sjå herlegdomen min, den du har gjeve meg fordi du elska meg før verda vart grunnlagd. 25Rettferdige Far, verda har ikkje kjent deg, men eg har kjent deg, og desse har kjent at du har sendt meg. 26Eg har gjort namnet ditt kjent for dei og skal gjera det kjent, så den kjærleiken du har elska meg med, skal vera i dei, og eg i dei.»
← Alle lesetekstar