Askeonsdag
GT
Vend om for Gud er nådig
Joel 2,12-13
2:12Men endå no, seier Herren, vend om til meg av heile dykkar hjarte, med faste, gråt og klage. 13Riv sund hjarta dykkar, ikkje kleda, og vend om til Herren dykkar Gud! For han er nådig og miskunnsam, tolmodig og rik på trufast kjærleik, og han angrar på det vonde.
Brev
Dåpen og det nye livet
1Pet 3,18-4,2
3:18For òg Kristus leid éin gong for synder, den rettferdige for dei urettferdige, for å føra dykk fram til Gud. Han vart drepen i kjøtet, men gjord levande i Anden. 19I Anden gjekk han òg bort og forkynte for åndene som var i fangenskap. 20Dei hadde vore ulydige den gongen Guds tolmod venta i Noahs dagar, medan arka vart bygd. I ho vart nokre få, det vil seia åtte sjeler, frelste gjennom vatn. 21Som eit motbilete frelser dåpen no òg dykk – ikkje som fjerning av urenskap frå kroppen, men som ei vedkjenning til Gud frå eit godt samvit – gjennom Jesu Kristi oppstode. 22Han har fare opp til himmelen og er ved Guds høgre hand, og englar, makter og krefter er han underlagde. 4:1Sidan Kristus har lide i kroppen, så væpn dykk òg med den same tankegangen: Den som har lide i kroppen, er ferdig med synda. 2Difor skal de ikkje lenger leva etter menneskelege lyster, men etter Guds vilje den tida de har att her i kroppen.
Evangelium
Gaver, bønn og faste
Matt 6,1-6; 6,16-18
6:1Pass på at de ikkje gjer rettferda dykkar for auga på folk, for å bli sett av dei. Elles får de inga løn hos Far dykkar i himmelen. 2Når du gjev gåver til dei fattige, skal du ikkje blåsa i basun framfor deg, slik hyklarane gjer i synagogane og på gatene, for å bli æra av folk. Sanneleg seier eg dykk: Dei har alt fått si løn. 3Men når du gjev til dei fattige, lat ikkje venstre handa di vita kva høgre handa gjer, 4så gåva di kan vera i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, skal løna deg. 5Og når de bed, skal de ikkje vera som hyklarane. For dei likar å stå og be i synagogane og på gatehjørna for å visa seg for folk. Sanneleg seier eg dykk: Dei har alt fått si løn. 6Men når du bed, gå inn i kammerset ditt og lat att døra, og be til Far din som er i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, skal løna deg. 16Når de fastar, skal de ikkje sjå tungsindige ut som hyklarane. For dei gjer andleta sine ukjenneleg for å visa folk at dei fastar. Sanneleg seier eg dykk: Dei har alt fått si løn. 17Men når du fastar, salv hovudet ditt og vask andletet ditt, 18så ikkje folk ser at du fastar, men berre Far din som er i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, skal løna deg.