søndag 22. februar 2026

1. søndag i fastetiden

Rekkje I
GT

Syndefallet

1Mos 2,8-9; 3,1-8

2:8Herren Gud planta ein hage i Eden, mot aust, og der sette han mennesket som han hadde forma. 9Herren Gud lét alle slags tre veksa opp frå jorda, fagre å sjå på og gode å eta av – og livsens tre midt i hagen, og treet til kunnskap om godt og vondt. 3:1Slangen var listigare enn alle dei andre dyra på marka som Herren Gud hadde skapt. Han sa til kvinna: «Har Gud verkeleg sagt at de ikkje skal eta av noko tre i hagen?» 2Kvinna svara slangen: «Vi kan eta av frukta på trea i hagen.» 3Men om frukta på treet midt i hagen har Gud sagt: 'De skal ikkje eta av det og ikkje røra ved det, for då døyr de.'» 4Då sa slangen til kvinna: «De kjem slett ikkje til å døy!» 5For Gud veit at den dagen de et av det, vil auga dykkar opnast, og de vil bli som gudar og kjenna godt og vondt.» 6Kvinna såg at treet var godt å eta av, at det var ein lyst for auga, og at treet var tillokkande fordi det kunne gje visdom. Ho tok av frukta og åt, og ho gav også til mannen sin, som var med henne, og han åt. 7Då vart auga opna på dei begge, og dei skjøna at dei var nakne. Dei sydde saman fikenblad og laga seg lendeklede. 8Dei høyrde lyden av Herren Gud som vandra i hagen i den svale kveldsvinden, og mannen og kona hans gøymde seg for Herren Gud mellom trea i hagen.
Brev

Gud frister ingen

Jak 1,12-16

1:12Sæl er den som held ut i prøvinga. For når han har stått sin prøve, skal han få livsens krans, som er lova til dei som elskar han. 13Ingen som blir freista, må seia: «Det er Gud som freistar meg.» For Gud kan ikkje freistast av det vonde, og han freistar ingen. 14Nei, kvar og ein blir freista når hans eige begjær dreg han med seg og lokkar han. 15Når så begjæret har vorte svangert, føder det synd. Og når synda er fullmogen, føder ho død. 16Lat dykk ikkje føre vill, mine kjære brør.
Evangelium

Jesus blir fristet

Matt 4,1-11

4:1Då vart Jesus ført ut i øydemarka av Anden for å bli freista av djevelen. 2Og etter at han hadde fasta i førti dagar og førti netter, vart han til slutt svolten. 3Då kom freistaren til han og sa: «Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal bli til brød.» 4Men han svara og sa: «Det står skrive: Mennesket lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut frå Guds munn.» 5Då tok djevelen han med seg til den heilage byen og stilte han på tempeltinden. 6Og han sa til han: «Er du Guds Son, så kast deg ned. For det står skrive: Han skal gje englane sine påbod om deg, og dei skal bera deg på hendene, så du ikkje støyter foten din mot ein stein.» 7Jesus sa til han: «Det står òg skrive: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.» 8Igjen tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og viste han alle rika i verda og herlegdomen deira. 9Og han sa til han: «Alt dette vil eg gje deg, om du fell ned og tilbed meg.» 10Då sa Jesus til han: «Bort med deg, Satan! For det står skrive: Herren din Gud skal du tilbe, og han åleine skal du tena.» 11Då forlét djevelen han, og sjå, englar kom og tente han.
← Alle lesetekstar