søndag 15. mars 2026

4. søndag i fastetiden

Rekkje I
GT

Gud setter Abraham på prøve

1Mos 22,1-14

22:1Etter dette hende det at Gud sette Abraham på prøve. Han sa til han: «Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg.» 2Då sa han: «Tak sonen din, den einaste du har, som du elskar, Isak, og gå til landet Moria. Der skal du ofra han som brennoffer på eit av fjella som eg skal seia deg.» 3Tidleg om morgonen stod Abraham opp og sala eselet sitt. Han tok med seg to av tenarane sine og Isak, sonen sin. Han kløyvde ved til brennofferet, og så la han i veg mot staden Gud hadde sagt til han. 4Den tredje dagen såg Abraham opp og fekk auge på staden langt borte. 5Då sa Abraham til tenarane sine: «Bli de her med eselet. Eg og guten går dit bort for å tilbe, og så kjem vi attende til dykk.» 6Abraham tok veden til brennofferet og la han på Isak, sonen sin. Sjølv tok han elden og kniven i handa, og så gjekk dei begge saman. 7Då sa Isak til Abraham, far sin: «Far!» Han svara: «Ja, son min.» Isak sa: «Sjå, her er elden og veden, men kvar er lammet til brennofferet?» 8Abraham svara: «Gud vil sjølv sjå seg ut lammet til brennofferet, son min.» Og så gjekk dei begge saman. 9Då dei kom til staden Gud hadde sagt til han, bygde Abraham eit altar der og la veden til rette. Så batt han Isak, sonen sin, og la han på altaret oppå veden. 10Så rette Abraham ut handa og tok kniven for å slakta sonen sin. 11Men Herrens engel ropa til han frå himmelen og sa: «Abraham! Abraham!» Han svara: «Ja, her er eg.» 12Då sa han: «Legg ikkje hand på guten og gjer han ikkje noko! For no veit eg at du fryktar Gud, sidan du ikkje sparte sonen din, den einaste, for meg.» 13Abraham såg opp, og der fekk han auge på ein vêr som hadde festa seg med horna i eit kratt. Då gjekk Abraham bort og tok vêren og ofra han som brennoffer i staden for sonen sin. 14Abraham kalla den staden «Herren ser». Difor blir det sagt den dag i dag: «På Herrens fjell skal det bli sett.»
Brev

Jesus er prøvet i alt

Hebr 4,14-16

4:14Sidan vi då har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast ved vedkjenninga. 15For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medkjensle med veikskapen vår, men ein som er prøvd i alt på same måte som oss, men utan synd. 16Lat oss difor med frimod gå fram for nådens trone, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.
Evangelium

Ett menneske dør for folket

Joh 11,45-53

11:45Mange av jødane som var komne til Maria og hadde sett det Jesus gjorde, kom til tru på han. 46Men nokre av dei gjekk til farisearane og fortalde dei kva Jesus hadde gjort. 47Overprestane og farisearane kalla saman Rådet og sa: «Kva skal vi gjera? Denne mannen gjer mange teikn. 48Lèt vi han halda på slik, kjem alle til å tru på han. Då kjem romarane og tek frå oss både den heilage staden og folket vårt. 49Ein av dei, Kaifas, som var øvsteprest det året, sa til dei: «De skjønar ingenting! 50De tenkjer ikkje på at det er betre for dykk at eitt menneske døyr for folket, enn at heile folket går til grunne.» 51Dette sa han ikkje av seg sjølv, men fordi han var øvsteprest det året, profeterte han at Jesus skulle døy for folket. 52Ja, ikkje berre for folket, men for å samla til eitt dei Guds born som er spreidde rundt omkring. 53Frå den dagen la dei planar om å drepa han.
← Alle lesetekstar