Maria budskapsdag
GT
Immanuels–tegnet
Jes 7,10-14
7:10Herren tala vidare til Akas og sa: 11«Be om eit teikn frå Herren din Gud, anten djupt som dødsriket eller høgt som himmelen.» 12Men Akas svara: «Eg vil ikkje be, og eg vil ikkje setja Herren på prøve.» 13Då sa Jesaja: «Høyr no, Davids hus! Er det ikkje nok at de trøyttar menneske? Må de trøytta min Gud òg? 14Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, den unge kvinna skal bli med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanuel.
Brev
Født av en kvinne, barnekåret
Gal 4,4-7
4:4Men då tida var fullkomen, sende Gud Son sin, fødd av ei kvinne, fødd under lova, 5for at han skulle kjøpa fri dei som var under lova, så vi kunne få barnekåret. 6Og fordi de er born, har Gud sendt Anden åt Son sin inn i hjarto våre, som ropar: «Abba, Far!» 7Difor er du ikkje lenger slave, men son. Og er du son, då er du òg arving gjennom Gud.
Evangelium
Budskapet til Maria
Luk 1,26-38
1:26I den sjette månaden vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, 27til ei jomfru som var trulova med ein mann som heitte Josef, av Davids hus. Jomfrua heitte Maria. 28Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg.» 29Men ho vart svært uroleg over desse orda og tenkte på kva denne helsinga kunne tyda. 30Engelen sa til henne: «Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud. 31Sjå, du skal verta med barn og føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus. 32Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste. Herren Gud skal gje han trona til David, far hans. 33Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid, og det skal ikkje vera ende på riket hans.» 34Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til? Eg har ikkje vore saman med nokon mann.» 35Difor skal òg det heilage som vert fødd, kallast Guds Son. 36Og sjå, Elisabet, slektningen din, har òg fått ein son i magen i sin høge alder, ho som vart kalla ufruktbar. No er ho alt i sjette månaden. 37For ingen ting er umogeleg for Gud.» 38Då sa Maria: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne.