Skjærtorsdag
GT
Herren innstifter påskehøytiden
2Mos 12,1; 12,3-8; 12,11-14
12:1Herren sa til Moses og Aron i Egypt: 3Tal til heile Israels forsamling og sei: Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husfar ta seg eit lam, eitt lam for kvar husstand. 4Om husstanden er for liten til å eta opp eit lam, skal han og den næraste grannen ta eitt saman, alt etter kor mange dei er. De skal dela lammet etter kor mykje kvar kan eta. 5Lammet skal vera utan feil, eit årsgammalt hannlam. De kan ta det frå sauene eller frå geitene. 6De skal ta vare på det til den fjortande dagen i denne månaden. Då skal heile Israels forsamling slakta lamma i skumringa. 7Så skal dei ta noko av blodet og stryka det på dei to dørstolpane og på bjelken over døra i dei husa der dei et lammet. 8Kjøtet skal dei eta same natta, steikt over eld. Saman med usyra brød og bitre urter skal dei eta det. 11Slik skal de eta det: Med belte om livet, sandalar på føtene og stav i handa. De skal eta det i hast. Det er Herrens påske. 12Denne natta skal eg fara gjennom Egypt og slå i hel alle førstefødde i landet, både menneske og dyr. Og over alle gudane i Egypt skal eg halda dom. Eg er Herren. 13Blodet skal vera eit teikn for dykk på dei husa de er i. Når eg ser blodet, vil eg gå forbi dykk. Inga øydeleggjande plage skal råka dykk når eg slår Egypt. 14Denne dagen skal vera ein minnedag for dykk. De skal feira han som ei høgtid for Herren. I alle slekter skal de feira han som ei evig ordning.
Brev
Vårt påskelam er slaktet
1Kor 5,7-8
5:7Reins ut den gamle surdeigen, så de kan vera ein ny deig, sidan de er usyra. For Kristus, vårt påskelam, er ofra. 8Lat oss difor feira høgtid, ikkje med gammal surdeig, heller ikkje med surdeig av vondskap og låk åtferd, men med usyra brød av reinleik og sanning.
Evangelium
Det siste måltid
Matt 26,17-30
26:17Den første dagen i høgtida med usyra brød kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kvar vil du at vi skal gjera i stand påskemåltidet for deg?» 18Han sa: «Gå inn i byen til ein viss mann og sei til han: 'Meisteren seier: Tida mi er nær. Hos deg vil eg halda påskemåltid med læresveinane mine.'» 19Læresveinane gjorde som Jesus hadde sagt, og gjorde i stand påskemåltidet. 20Då det vart kveld, låg han til bords med dei tolv læresveinane. 21Medan dei åt, sa han: «Sanneleg seier eg dykk: Ein av dykk skal gje meg over.» 22Då vart dei svært sorgfulle og tok til å spørja han, ein etter ein: «Det er vel ikkje eg, Herre?» 23Han svara: «Den som dyppa handa si i fatet saman med meg, han skal svika meg. 24Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han. Men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om han aldri var fødd.» 25Judas, han som sveik han, tok til orde og sa: «Det er vel ikkje eg, rabbi?» Jesus svara: «Du har sagt det.» 26Medan dei åt, tok Jesus eit brød, velsigna det, braut det og gav det til læresveinane og sa: «Ta og et! Dette er lekamen min.» 27Og han tok ein kalk, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av han! 28For dette er mitt blod, paktsblodet, som vert utrent for mange til forlating for synder. 29Eg seier dykk: Frå no av skal eg ikkje drikka av denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk ho ny med dykk i riket til Far min.» 30Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.