2. søndag i påsketiden
GT
Dere er mine vitner
Jes 43,10-13
43:10De er mine vitne, seier Herren, og min tenar som eg har valt ut, så de skal kjenna og tru meg og forstå at eg er Han. Før meg vart ingen gud forma, og etter meg skal ingen koma. 11Eg, eg er Herren, og det finst ingen frelsar utanom meg. 12Eg har kunngjort og frelst og forkynt, og det var ingen framand gud mellom dykk. De er mine vitne, seier Herren, og eg er Gud. 13Ja, frå denne dagen er eg Han. Ingen kan riva ut or mi hand. Eg handlar, og kven kan gjera det ugjort?
eller
Apostlane
Løftet om Ånden
Apg 1,1-5
1:1I den første boka mi skreiv eg om alt det Jesus tok til å gjera og læra, Teofilus, 2heilt til den dagen han vart teken opp til himmelen, etter at han ved Den Heilage Ande hadde gjeve påbod til apostlane han hadde valt ut. 3Etter at han hadde lide, synte han seg levande for dei med mange prov. I førti dagar synte han seg for dei og tala om Guds rike. 4Medan han åt saman med dei, baud han dei at dei ikkje skulle fara bort frå Jerusalem, men venta på det Faderen hadde lova, det som de har høyrt om frå meg. 5For Johannes døypte med vatn, men de skal bli døypte med Den Heilage Ande om ikkje mange dagar.
Brev
Nå er Kristus stått opp
1Kor 15,12-21
15:12Men når det blir forkynt at Kristus har stått opp frå dei døde, korleis kan då somme av dykk seia at det ikkje finst noka oppstode frå dei døde? 13Om det ikkje finst noka oppstode frå dei døde, har heller ikkje Kristus stått opp. 14Men har ikkje Kristus stått opp, då er forkynninga vår utan innhald, og trua dykkar er òg utan innhald. 15Då står vi òg som falske vitne om Gud, for vi har vitna om Gud at han reiste Kristus opp – han som han ikkje reiste opp, dersom det er sant at døde ikkje står opp. 16For dersom døde ikkje står opp, har heller ikkje Kristus stått opp. 17Men har ikkje Kristus stått opp, då er trua dykkar nyttelaus, og de er enno i syndene dykkar. 18Då har òg dei som har sovna inn i Kristus, gått fortapt. 19Har vi berre for dette livet sett vår von til Kristus, då er vi dei mest ynkjelege av alle menneske. 20Men no har Kristus stått opp frå dei døde, som førstegrøda av dei som har sovna inn. 21For sidan døden kom ved eit menneske, er òg oppstoda frå dei døde komen ved eit menneske.
Evangelium
Peters fiskefangst
Joh 21,1-14
21:1Etter dette synte Jesus seg på nytt for læresveinane ved Tiberiassjøen. Det gjekk til på denne måten: 2Simon Peter, Tomas som vart kalla Tvillingen, Natanael frå Kana i Galilea, Sebedeus-sønene og to andre av læresveinane hans var saman. 3Simon Peter sa til dei: «Eg går ut og fiskar.» Dei sa til han: «Vi går med deg, vi òg.» Dei gjekk ut og steig i båten, men den natta fekk dei ingenting. 4Då det tok til å lysna av dag, stod Jesus på stranda. Men læresveinane skjøna ikkje at det var Jesus. 5Jesus sa til dei: «Born, har de noko fisk?» Dei svara han: «Nei.» 6Han sa til dei: «Kast garnet på høgre sida av båten, så skal de finna.» Dei kasta det ut, og no greidde dei ikkje å dra det inn att på grunn av all fisken. 7Då sa den læresveinen som Jesus hadde kjær, til Peter: «Det er Herren!» Då Simon Peter høyrde at det var Herren, batt han kappa om seg, for han var naken, og kasta seg i sjøen. 8Dei andre læresveinane kom med båten og drog garnet med fisken etter seg, for dei var ikkje langt frå land, berre omkring to hundre alner. 9Då dei kom i land, såg dei eit kolbål der, med fisk oppå og brød. 10Jesus sa til dei: «Kom hit med noko av fisken de nettopp fekk.» 11Simon Peter gjekk då om bord og drog garnet på land. Det var fullt av stor fisk, eitt hundre og femtitre i alt. Og endå det var så mange, rivna ikkje garnet. 12Jesus sa til dei: «Kom og få mat!» Ingen av læresveinane våga å spørja han: «Kven er du?» For dei visste at det var Herren. 13Jesus kom og tok brødet og gav dei, og like eins fisken. 14Dette var tredje gongen Jesus synte seg for læresveinane etter at han hadde stått opp frå dei døde.