6. søndag i påsketiden
GT
Fredstanker, fremtid og håp
Jer 29,10-14
29:10For så seier Herren: Først når sytti år er gått for Babel, vil eg sjå til dykk og oppfylla det gode ordet mitt for dykk, at eg vil føra dykk attende til denne staden. 11For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, tankar om fred og ikkje om ulukke, tankar om å gje dykk framtid og von. 12Då skal de ropa til meg og gå og be til meg, og eg vil høyra dykk. 13De skal søkja meg og finna meg når de søkjer meg av heile hjartet. 14Eg vil la meg finna av dykk, seier Herren. Eg vil venda lagnaden dykkar og samla dykk frå alle folkeslag og alle stader dit eg har drive dykk bort, seier Herren. Eg vil føra dykk attende til den staden eg førte dykk bort frå.
eller
Apostlane
Paulus og Silas løslates
Apg 16,25-40
16:25Ved midnatt bad Paulus og Silas og song lovsongar til Gud, og fangane lytta til dei. 26Brått kom det eit kraftig jordskjelv, så grunnvollen til fengselet riste. Med ein gong sprang alle dørene opp, og lenkjene fall av alle fangane. 27Fangevaktaren vakna og såg at fengselsdørene stod opne. Han drog sverdet og var i ferd med å drepa seg sjølv, for han trudde at fangane hadde rømt. 28Men Paulus ropa med høg røyst: «Gjer ikkje deg sjølv noko vondt! Vi er her alle saman!» 29Fangevaktaren bad om lys, sprang inn og fall skjelvande ned for Paulus og Silas. 30Så førte han dei ut og spurde: «Herrar, kva må eg gjera for å bli frelst?» 31Dei svara: «Tru på Herren Jesus, så skal du bli frelst, du og hushaldet ditt.» 32Og dei forkynte Herrens ord for han og alle som var i huset hans. 33I same stund på natta tok han dei med seg og vaska såra deira. Og straks vart han sjølv døypt med alle sine. 34Så førte han dei opp til huset sitt og dekte bord for dei. Han og heile hushaldet hans gledde seg stort, for dei hadde kome til tru på Gud. 35Då det vart dag, sende bydommarane rettsbetjentane med denne meldinga: «Lat desse mennene gå.» 36Fangevaktaren melde dette til Paulus: «Bydommarane har sendt bod om at de skal setjast fri. Gå no ut og reis i fred.» 37Men Paulus sa til dei: «Dei har piska oss offentleg utan dom, endå vi er romerske borgarar, og kasta oss i fengsel. Og no vil dei senda oss bort i det løynde? Nei, dei må koma sjølve og føra oss ut!» 38Rettsbetjentane melde dette til bydommarane, og dei vart redde då dei høyrde at dei var romarar. 39Så kom dei og tala dei til rette, og etter at dei hadde ført dei ut, bad dei dei forlata byen. 40Då dei kom ut av fengselet, gjekk dei heim til Lydia. Der såg dei syskena, oppmuntra dei og drog vidare.
Brev
Han hører når vi ber
1Joh 5,13-15
5:13Dette har eg skrive til dykk som trur på namnet åt Guds Son, så de skal vita at de har evig liv. 14Og dette er den frimodige tilliten vi har hjå han: at dersom vi bed om noko etter hans vilje, høyrer han oss. 15Og når vi veit at han høyrer oss, kva vi enn bed om, så veit vi at vi har det vi har bede han om.
Evangelium
Enken og dommeren
Luk 18,1-8
18:1Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet. 2Han sa: «I ein by var det ein domar som ikkje frykta Gud og ikkje brydde seg om menneske. 3I same byen var det ei enkje som kom til han gong på gong og sa: 'Hjelp meg å få rett overfor motparten min!' 4Lenge ville han ikkje, men til slutt sa han med seg sjølv: 'Endå eg ikkje fryktar Gud og ikkje bryr meg om menneske, 5vil eg hjelpa denne enkja å få rett, for ho plagar meg stadig. Elles kjem ho til slutt og slår meg ut.'» 6Og Herren sa: «Høyr kva den urettferdige domaren seier! 7Skulle ikkje då Gud skaffa rett til sine utvalde, dei som ropar til han dag og natt? Vil han drygja med å hjelpa dei? 8Eg seier dykk: Han skal skaffa dei rett, og det snart! Men når Menneskesonen kjem, vil han då finna trua på jorda?»