torsdag 14. mai 2026

Kristi himmelfartsdag

Rekkje I
Salme

Sett deg ved min høyre hånd

Sal 110,1-3

110:1Av David. Ein salme. Herren sa til min herre: «Set deg ved mi høgre hand, til eg har lagt fiendane dine som ein skammel for føtene dine.» 2Herren skal senda ut din mektige stav frå Sion: «Hersk midt mellom fiendane dine!» 3Folket ditt stiller villig opp på din hærdag, i heilag prakt. Frå morgonrødens livmor kjem dogga av din ungdom til deg.
eller
Apostlane

Jesus tas opp til himmelen

Apg 1,1-11

1:1I den første boka mi skreiv eg om alt det Jesus tok til å gjera og læra, Teofilus, 2heilt til den dagen han vart teken opp til himmelen, etter at han ved Den Heilage Ande hadde gjeve påbod til apostlane han hadde valt ut. 3Etter at han hadde lide, synte han seg levande for dei med mange prov. I førti dagar synte han seg for dei og tala om Guds rike. 4Medan han åt saman med dei, baud han dei at dei ikkje skulle fara bort frå Jerusalem, men venta på det Faderen hadde lova, det som de har høyrt om frå meg. 5For Johannes døypte med vatn, men de skal bli døypte med Den Heilage Ande om ikkje mange dagar. 6Då dei var samla, spurde dei han: «Herre, er det no du vil gjenreisa riket for Israel?» 7Han svara dei: «Det er ikkje dykkar sak å kjenna tider og stunder som Faderen har fastsett av si eiga makt. 8Men de skal få kraft når Den Heilage Ande kjem over dykk, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og i heile Judea og Samaria og heilt til enden av jorda.» 9Då han hadde sagt dette, vart han lyft opp medan dei såg på, og ei sky tok han bort frå auga deira. 10Medan dei stod og stirte opp mot himmelen der han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede hjå dei. 11Dei sa: «Galilearar, kvifor står de og ser opp mot himmelen? Denne Jesus som vart teken opp frå dykk til himmelen, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.»
Brev

Han steg opp og gav gaver

Ef 4,7-10

4:7Men til kvar einskild av oss er nåden gjeven etter det målet Kristus gjev i gåve. 8Difor heiter det: «Han steig opp i det høge og førte fangar med seg, han gav gåver til menneska.» 9Men kva tyder «han steig opp» utan at han òg har stege ned til dei lågare delane av jorda? 10Han som steig ned, er den same som steig opp over alle himlar, for å fylla alt.
Evangelium

Jesus tas opp til himmelen

Mark 16,19-20

16:19Etter at Herren Jesus hadde tala til dei, vart han teken opp til himmelen og sette seg ved Guds høgre hand. 20Men dei gjekk ut og forkynte alle stader, og Herren verka med dei og stadfeste ordet gjennom dei teikna som følgde.
← Alle lesetekstar