17. mai
Salme
Hvis ikke Herren bygger huset
Sal 127,1-3
127:1Ein song for festreisene. Av Salomo. Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider bygningsmennene til inga nytte. Dersom Herren ikkje vaktar byen, våkar vaktmannen forgjeves. 2Det er til inga nytte for dykk å stå tidleg opp og sitja lenge oppe, og eta mødesamt brød. For han gjev sin kjære søvn. 3Sjå, born er ein arv frå Herren, livsfrukt er ei løn.
Apostlane
Han gir liv og ånde til alle
Apg 17,22-25
17:22Paulus stilte seg då midt på Areopagos og sa: «Atenske menn! Eg ser at de på alle måtar er svært religiøse. 23For då eg gjekk omkring og såg på heilagdomane dykkar, fann eg òg eit altar der det stod skrive: 'For ein ukjend gud.' Det de tilbed utan å kjenne, det forkynner eg for dykk. 24Gud, som skapte verda og alt som er i henne, han som er Herre over himmel og jord, bur ikkje i tempel som er bygde av menneskehendar. 25Han lèt seg heller ikkje tene av menneskehendar som om han trong noko, for det er han som gjev alle liv og ande og alle ting.
eller
Apostlane
Han gir liv og ånde til alle
Apg 17,26-31
17:26Av éin har han skapt kvart folkeslag av menneske til å bu over heile jordoverflata. Han har fastsett tider for dei og grensene for bustadene deira, 27for at dei skulle søkje Gud, om dei kanskje kunne famle seg fram til han og finne han – endå han ikkje er langt borte frå ein einaste av oss. 28For i han lever vi og rører oss og er til, slik også nokre av dykkar eigne diktarar har sagt: 'For vi er òg hans ætt.' 29Sidan vi då er Guds ætt, bør vi ikkje tru at guddomen er lik gull eller sølv eller stein, forma av menneskeleg kunst og tanke. 30Gud har sett gjennom fingrane med uvitstidene, men no byd han alle menneske alle stader å vende om. 31For han har fastsett ein dag då han skal dømme verda med rettferd ved ein mann han har peika ut. Dette har han stadfesta for alle ved å reise han opp frå dei døde.»
eller
Apostlane
Han gir liv og ånde til alle
Apg 17,22-31
17:22Paulus stilte seg då midt på Areopagos og sa: «Atenske menn! Eg ser at de på alle måtar er svært religiøse. 23For då eg gjekk omkring og såg på heilagdomane dykkar, fann eg òg eit altar der det stod skrive: 'For ein ukjend gud.' Det de tilbed utan å kjenne, det forkynner eg for dykk. 24Gud, som skapte verda og alt som er i henne, han som er Herre over himmel og jord, bur ikkje i tempel som er bygde av menneskehendar. 25Han lèt seg heller ikkje tene av menneskehendar som om han trong noko, for det er han som gjev alle liv og ande og alle ting. 26Av éin har han skapt kvart folkeslag av menneske til å bu over heile jordoverflata. Han har fastsett tider for dei og grensene for bustadene deira, 27for at dei skulle søkje Gud, om dei kanskje kunne famle seg fram til han og finne han – endå han ikkje er langt borte frå ein einaste av oss. 28For i han lever vi og rører oss og er til, slik også nokre av dykkar eigne diktarar har sagt: 'For vi er òg hans ætt.' 29Sidan vi då er Guds ætt, bør vi ikkje tru at guddomen er lik gull eller sølv eller stein, forma av menneskeleg kunst og tanke. 30Gud har sett gjennom fingrane med uvitstidene, men no byd han alle menneske alle stader å vende om. 31For han har fastsett ein dag då han skal dømme verda med rettferd ved ein mann han har peika ut. Dette har han stadfesta for alle ved å reise han opp frå dei døde.»
Evangelium
Fra slekt til slekt
Luk 1,50-53
1:50Hans miskunn varer frå slekt til slekt over dei som fryktar han. 51Han har gjort storverk med sin arm, han spreidde dei hovmodige i deira hjartetankar. 52Han støytte mektige ned frå tronane deira og opphøgde dei låge. 53Dei svoltne metta han med gode gåver, og dei rike sende han tomhendte bort.