Treenighetssøndag
GT
Du skal elske Herren, din Gud
5Mos 6,4-9
6:4Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin. 5Du skal elska Herren din Gud av heile hjarta ditt og av heile sjela di og av all makta di. 6Desse orda som eg byd deg i dag, skal du gøyma i hjartet ditt. 7Du skal prenta dei inn i borna dine og tala om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp. 8Du skal binda dei som eit teikn på handa di, og dei skal vera som eit merke på panna di. 9Du skal skriva dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine.
Brev
Forkynne hans storverk
1Pet 2,4-10
2:4Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyrebar for Gud. 5Og lat de òg, som levande steinar, byggjast opp til eit åndeleg hus, til eit heilagt presteskap, så de kan bera fram åndelege offer som er velkomne for Gud ved Jesus Kristus. 6For det står i Skrifta: «Sjå, eg legg i Sion ein hjørnestein, utvald og dyrebar. Den som trur på han, skal ikkje bli til skamme.» 7For dykk som trur, er han dyrebar. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein. 8Han er ein støytestein og eit berg til fall. Dei støyter seg fordi dei ikkje er lydige mot ordet, og til det var dei sette. 9Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut frå mørkret og inn i sitt underfulle lys. 10De som før ikkje var eit folk, er no Guds folk. De som ikkje hadde fått miskunn, har no fått miskunn.
Evangelium
Misjonsbefalingen
Matt 28,16-20
28:16Dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt dei skulle møta han. 17Då dei såg han, fall dei ned og tilbad han, men nokre tvila. 18Då steig Jesus fram og tala til dei og sa: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, og døyp dei til Faderens og Sonens og Den heilage andens namn, 20og lær dei å halda alt det eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar, heilt til tidsalderen endar.»