søndag 7. juni 2026

2. søndag i treenighetstiden

Rekkje I
GT

Sivsjø–underet

2Mos 14,15-22

14:15Herren sa til Moses: «Kvifor ropar du til meg? Sei til israelittane at dei skal dra vidare! 16Lyft staven din og rett handa ut over havet og kløyv det, så israelittane kan gå gjennom havet på tørr grunn. 17Og eg vil gjera egyptarane hardhjarta, så dei følgjer etter dei. Då vil eg vinna ære gjennom farao og heile hæren hans, vognene og ryttarane hans. 18Egyptarane skal kjenna at eg er Herren, når eg vinn ære gjennom farao, vognene og ryttarane hans.» 19Guds engel, som hadde gått framfor Israels-leiren, flytta seg og gjekk bak dei. Skysøyla flytta seg frå plassen framfor dei og stilte seg bak dei. 20Ho kom mellom leiren til egyptarane og leiren til Israel. Skya førte med seg mørker, men lyste samstundes opp natta. Så kom dei ikkje nær kvarandre heile natta. 21Moses rette handa ut over havet, og Herren dreiv havet attende med ein sterk austavind heile natta og gjorde havet til tørr grunn. Vatnet vart kløyvd. 22Israelittane gjekk gjennom havet på tørr grunn, medan vatnet stod som ein mur på høgre og venstre sida.
Brev

Det bad som gjenføder

Tit 3,4-7

3:4Men då godleiken og menneskekjærleiken åt Gud, vår frelsar, vart openberra, 5frelste han oss, ikkje på grunn av rettferdige gjerningar vi hadde gjort, men etter si miskunn, ved badet som gjev atterføding og fornying i Den Heilage Ande. 6Denne Anden auste han rikt ut over oss ved Jesus Kristus, vår frelsar, 7så vi, rettferdiggjorde ved hans nåde, skulle verta arvingar til evig liv, slik vi vonar.
Evangelium

Johannesdåp og dåp med Ånden

Matt 3,11-12

3:11Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg – eg er ikkje eingong verdig til å bera sandalane hans. Han skal døypa dykk med heilag ande og eld. 12Han har kasteskovla i handa og skal reinsa treskjevollen sin. Kveiten skal han samla i låven, men agnene skal han brenna opp med eld som aldri sloknar.»
← Alle lesetekstar