søndag 14. juni 2026

3. søndag i treenighetstiden

Rekkje I
GT

Herrens gjestebud

Jes 25,6-9

25:6Herren over hærskarane skal på dette fjellet laga eit gjestebod for alle folk, eit gjestebod med feite rettar, eit gjestebod med god vin, med feite, mergfulle rettar og klåra, vellagra vin. 7Og på dette fjellet skal han svelgja sløret som dekkjer alle folk, dekket som er kasta over alle folkeslag. 8Han skal svelgja døden for alltid. Herren Gud skal tørka bort tårene frå alle andlet, og skamma til folket sitt skal han ta bort frå heile jorda. For Herren har tala. 9På den dagen skal dei seia: Sjå, dette er vår Gud! Vi venta på han, og han frelste oss. Dette er Herren, vi venta på han. Lat oss jubla og gleda oss over frelsa hans!
Åp

Salige er de som er innbudt

Op 19,5-9

19:5Og ei røyst gjekk ut frå trona og sa: «Lovpris vår Gud, alle de hans tenarar, de som fryktar han, både små og store!» 6Og eg høyrde noko som likna røysta frå ein stor skare, som lyden av veldige vatn og som drønn av kraftig tore. Dei sa: «Halleluja! For Herren vår Gud, Den allmektige, har teke kongedømet sitt. 7Lat oss gleda oss og jubla og gje han æra! For bryllaupet til Lammet er kome, og brura hans har gjort seg klar. 8Ho har fått lov til å kle seg i fint lin, skinande og reint.» – For det fine linet er dei rettferdige gjerningane til dei heilage. 9Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bodne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han seier til meg: «Dette er dei sanne orda frå Gud.»
Evangelium

Det store gjestebudet

Luk 14,15-24

14:15Då ein av gjestene høyrde dette, sa han til Jesus: «Sæl er den som skal eta brød i Guds rike!» 16Jesus sa til han: «Ein mann skulle halda eit stort gjestebod og bad mange. 17Då tida for måltidet kom, sende han tenaren sin for å seia til dei som var bedne: 'Kom, for no er alt ferdig!' 18Men alle som ein tok dei til å orsaka seg. Den første sa til han: 'Eg har kjøpt ein åker og må gå og sjå på han. Eg bed deg, ha meg orsaka.' 19Ein annan sa: 'Eg har kjøpt fem par oksar og skal av stad og prøva dei. Eg bed deg, ha meg orsaka.' 20Og ein tredje sa: 'Eg har nettopp gift meg, og difor kan eg ikkje koma.' 21Tenaren kom tilbake og fortalde dette til herren sin. Då vart husherren harm og sa til tenaren: 'Gå straks ut på gatene og i smaua i byen og før hit dei fattige, dei vanføre, dei blinde og dei lamme.' 22Tenaren sa: 'Herre, eg har gjort som du sa, men det er enno rom.' 23Då sa herren til tenaren: 'Gå ut på vegane og ved gjerda og nøyd dei til å koma inn, så huset mitt kan verta fullt.' 24For eg seier dykk: Ingen av dei mennene som var bedne, skal få smaka måltidet mitt.»
← Alle lesetekstar