4. søndag i treenighetstiden
GT
Esau selger førstefødselsretten
1Mos 25,27-34
25:27Gutane voks opp. Esau vart ein dyktig jeger, ein mann som heldt til ute på marka, medan Jakob var ein stillferdig mann som heldt seg ved telta. 28Isak elska Esau, for han hadde smak for viltkjøt, men Rebekka elska Jakob. 29Ein gong då Jakob kokte ein rett, kom Esau heim frå marka, heilt utmatta. 30Esau sa til Jakob: «Lat meg få svelgja noko av det raude der, det raude, for eg er heilt utmatta!» Difor kalla dei han Edom. 31Jakob sa: «Sel meg først førstefødselsretten din!» 32Esau svara: «Sjå, eg held på å døy. Kva gagn har eg då av førstefødselsretten?» 33Jakob sa: «Sver på det her og no!» Så svor han og selde førstefødselsretten sin til Jakob. 34Då gav Jakob Esau brød og linsegraut. Han åt og drakk, reiste seg og gjekk. Slik vanvørda Esau førstefødselsretten sin.
Brev
Jeg løper for å vinne
1Kor 9,24-27
9:24Veit de ikkje at alle som spring på banen, spring, men berre éin får sigersprisen? Spring då slik at de vinn han! 25Alle som er med i ein konkurranse, viser sjølvdisiplin i alt. Dei gjer det for å vinna ein forgjengeleg krans, men vi for ein uforgjengeleg. 26Difor spring eg ikkje utan mål, og eg boksar ikkje som om eg slår i lause lufta. 27Nei, eg held kroppen min i age og tvingar han til lydnad, så eg ikkje sjølv skal bli vraka etter å ha forkynt for andre.
Evangelium
Jesus og den rike mannen
Mark 10,17-27
10:17Då han gav seg av stad, kom ein mann springande, fall på kne framfor han og spurde: «Gode meister, kva skal eg gjera for å arva evig liv?» 18Jesus sa til han: «Kvifor kallar du meg god? Ingen er god utan éin – det er Gud. 19Du kjenner boda: Du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje driva hor, du skal ikkje stela, du skal ikkje vitna falskt, du skal ikkje svindla nokon, du skal æra far din og mor di.» 20Han sa til han: «Meister, alt dette har eg halde frå eg var ung.» 21Jesus såg på han med kjærleik og sa: «Éin ting manglar du: Gå bort, sel alt du eig, og gjev det til dei fattige. Då skal du ha ein skatt i himmelen. Kom så og følg meg!» 22Men han mørkna ved dette ordet og gjekk sorgfull bort, for han eigde mykje. 23Jesus såg seg omkring og sa til læresveinane: «Kor vanskeleg det er for dei som har rikdom, å koma inn i Guds rike!» 24Læresveinane vart forskrekka over orda hans. Men Jesus tok igjen til orde og sa: «Born, kor vanskeleg det er å koma inn i Guds rike! 25Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.» 26Då vart dei endå meir forskrekka og sa til kvarandre: «Kven kan då bli frelst?» 27Jesus såg på dei og sa: «For menneske er det umogleg, men ikkje for Gud. For alt er mogleg for Gud.»