5. søndag i treenighetstiden
GT
Dom over løgnprofetene
Jer 23,16-24
23:16Så seier Herren over hærskarane: Høyr ikkje på orda til profetane som profeterer for dykk! Dei fyller dykk med tomme håp. Dei talar syn frå sitt eige hjarte, ikkje frå Herrens munn. 17Dei seier stadig til dei som foraktar meg: «Herren har sagt: De skal ha fred.» Og til alle som følgjer sitt stivsinna hjarte, seier dei: «Inga ulukke skal koma over dykk.» 18For kven av dei har stått i Herrens råd, sett og høyrt hans ord? Kven har gjeve akt på ordet hans og høyrt det? 19Sjå, Herrens storm, hans vreide, bryt laus! Ein virvlande storm skal slå ned over hovudet til dei gudlause. 20Herrens vreide skal ikkje venda attende før han har utført og fullført planane i hjartet sitt. I dei siste dagar skal de forstå det fullt ut. 21Eg sende ikkje desse profetane, likevel sprang dei. Eg tala ikkje til dei, likevel profeterte dei. 22Men om dei hadde stått i mitt råd, så ville dei ha forkynt mine ord for folket mitt og fått dei til å venda om frå sin vonde veg og frå sine vonde gjerningar. 23Er eg berre ein Gud som er nær, seier Herren, og ikkje ein Gud som er langt borte? 24Kan nokon gøyma seg på løynde stader så eg ikkje ser han? seier Herren. Fyller ikkje eg himmelen og jorda? seier Herren.
Brev
Prøv åndene
1Joh 4,1-6
4:1Mine kjære, tru ikkje på kvar ånd, men prøv åndene om dei er frå Gud, for mange falske profetar har gått ut i verda. 2På dette kjenner de Guds Ande: Kvar ånd som vedkjenner at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er frå Gud. 3Og kvar ånd som ikkje vedkjenner Jesus, er ikkje frå Gud. Dette er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma, og som allereie no er i verda. 4De er frå Gud, de små born, og har sigra over dei, for han som er i dykk, er større enn han som er i verda. 5Dei er frå verda, difor talar dei ut frå verda, og verda høyrer på dei. 6Vi er frå Gud. Den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er frå Gud, høyrer ikkje på oss. Av dette kjenner vi sanningsånda og villfaringsånda.
Evangelium
Falske profeter
Matt 7,15-20
7:15Ta dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men inni er dei grådige ulvar. 16På fruktene deira skal de kjenna dei att. Kan ein hausta druer av tornebuskar eller fiken av tistlar? 17Slik ber kvart godt tre god frukt, men eit dårleg tre ber dårleg frukt. 18Eit godt tre kan ikkje bera dårleg frukt, og eit dårleg tre kan ikkje bera god frukt. 19Kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden. 20Så det er på fruktene deira de skal kjenna dei att.