søndag 5. juli 2026

Aposteldagen/6. søndag i treenighetstiden

Rekkje I
GT

Gud kaller og velsigner Abram

1Mos 12,1-4

12:1Herren sa til Abram: «Gå bort frå landet ditt, frå slekta di og frå huset til far din, til det landet eg skal visa deg.» 2Eg skal gjera deg til eit stort folkeslag. Eg skal velsigna deg og gjera namnet ditt stort, og du skal vera til velsigning. 3Eg skal velsigna dei som velsignar deg, og den som forbannar deg, skal eg forbanna. I deg skal alle slekter på jorda bli velsigna.» 4Så drog Abram av stad, slik Herren hadde sagt til han, og Lot drog med han. Abram var syttifem år gammal då han drog ut frå Harran.
Brev

Paulus kalt til apostel

Rom 1,1-7

1:1Paulus, ein tenar for Kristus Jesus, kalla til apostel og utvald til å forkynna Guds evangelium, 2det som han lova på førehand gjennom profetane sine i dei heilage skriftene, 3om Son hans, som etter kjøtet stammar frå Davids ætt, 4og som ved heilagdoms Ande vart innsett som Guds Son med kraft gjennom oppstoda frå dei døde, Jesus Kristus, vår Herre. 5Gjennom han har vi fått nåde og apostelteneste, så folk av alle folkeslag skal koma til lydnad i tru for hans namn si skuld. 6Mellom dei er òg de, de som er kalla av Jesus Kristus. 7Til alle i Roma som er elska av Gud og kalla til å vera heilage: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus.
Evangelium

Peters fiskefangst

Luk 5,1-11

5:1Medan Jesus stod ved Gennesaretsjøen, trengde folkemengda seg innpå han for å høyra Guds ord. 2Då såg han to båtar som låg ved stranda. Fiskarane hadde gått ut av dei og heldt på å skylja garna. 3Han gjekk ut i ein av båtane, den som høyrde Simon til, og bad han leggja litt ut frå land. Så sette han seg og underviste folkemengda frå båten. 4Då han var ferdig med å tala, sa han til Simon: «Legg ut på djupet og fir ut garna til fangst.» 5Simon svara: «Meister, vi har streva heile natta og ikkje fått noko. Men på ditt ord vil eg fira ut garna.» 6Då dei gjorde det, fekk dei så mykje fisk at garna heldt på å rivna. 7Dei gav teikn til arbeidslaget sitt i den andre båten at dei skulle koma og hjelpa dei. Dei kom, og dei fylte begge båtane så mykje at dei var nær ved å søkka. 8Då Simon Peter såg dette, fall han ned for knea åt Jesus og sa: «Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann.» 9For ei stor otte hadde gripe han og alle som var med han, over den fiskefangsten dei hadde fått. 10Like eins var det med Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, som var kompanjongane til Simon. Då sa Jesus til Simon: «Ver ikkje redd! Frå no av skal du fanga menneske.» 11Så rodde dei båtane til lands, forlét alt og følgde han.
← Alle lesetekstar