søndag 19. juli 2026

8. søndag i treenighetstiden

Rekkje I
GT

Gullkalven og Moses' bønn

2Mos 32,1-4; 32,30-35

32:1Då folket såg at Moses drygde med å koma ned frå fjellet, samla dei seg kring Aron og sa til han: «Kom, lag gudar for oss som kan gå føre oss! For denne Moses, mannen som førte oss opp frå Egypt, vi veit ikkje kva som har hendt med han.» 2Aron sa til dei: «Ta av gullringane som er i øyra på konene, sønene og døtrene dykkar, og kom til meg med dei.» 3Då tok heile folket av seg gullringane dei hadde i øyra, og kom til Aron med dei. 4Han tok imot gullet frå dei, forma det med eit graveringsverktøy og laga ein støypt kalv. Då sa dei: «Dette er gudane dine, Israel, som førte deg opp frå Egypt!» 30Dagen etter sa Moses til folket: «De har gjort ei stor synd. No vil eg gå opp til Herren. Kanskje kan eg gjera soning for synda dykkar.» 31Moses gjekk attende til Herren og sa: «Å, dette folket har gjort ei stor synd! Dei har laga seg gudar av gull. 32Men tilgjev no synda deira! Og om ikkje, så stryk meg ut av boka di som du har skrive!» 33Herren sa til Moses: «Den som har synda mot meg, han vil eg stryka ut av boka mi. 34Gå no og før folket dit eg har sagt deg. Sjå, engelen min skal gå føre deg. Men den dagen eg krev dei til rekneskap, skal eg straffa dei for synda deira.» 35Og Herren slo folket med plage fordi dei hadde laga kalven, den som Aron laga.
Brev

Elsk din bror og ikke verden

1Joh 2,15-17

2:15Elsk ikkje verda eller det som er i verda. Om nokon elskar verda, er ikkje kjærleiken til Faderen i han. 16For alt som er i verda – lysta i kjøtet, lysta i auga og hovmod over livsførsla – er ikkje frå Faderen, men frå verda. 17Og verda forgår med si lyst, men den som gjer Guds vilje, blir til evig tid.
Evangelium

Det udelte hjertet

Matt 6,19-24

6:19Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og rust øydelegg, og der tjuvar bryt seg inn og stel. 20Men samla dykk skattar i himmelen, der verken møll eller rust øydelegg, og der tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. 21For der skatten din er, der vil òg hjartet ditt vera. 22Auga er lyset for kroppen. Om auga ditt er klårt, vil heile kroppen din vera full av lys. 23Men om auga ditt er sjukt, vil heile kroppen din vera i mørker. Og om lyset i deg er mørker, kor djupt er ikkje då mørkeret! 24Ingen kan tena to herrar. For anten vil han hata den eine og elska den andre, eller han vil halda seg til den eine og forakta den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.
← Alle lesetekstar