søndag 26. juli 2026

9. søndag i treenighetstiden

Rekkje I
GT

Han vekker oss til liv

Hos 6,1-3

6:1Kom, lat oss venda attende til Herren! For han reiv sund, men han vil lækja oss. Han slo, men han vil forbinda oss. 2Etter to dagar vil han gjera oss levande att, på den tredje dagen vil han reisa oss opp, så vi kan leva for hans andlet. 3Lat oss kjenna Herren, lat oss ivra etter å kjenna han! Like visst som morgonroden bryt fram, kjem han til oss som regnet, som vårregnet som vatnar jorda.
Brev

Han som ga sin Sønn for oss alle

Rom 8,31-39

8:31Kva skal vi då seia til dette? Er Gud for oss, kven kan då vera mot oss? 32Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle – korleis skal han ikkje då òg gje oss alle ting saman med han? 33Kven vil koma med skuldingar mot Guds utvalde? Gud er den som rettferdiggjer. 34Kven er den som fordømer? Kristus er den som døydde, ja, meir enn det, som vart oppreist, som er ved Guds høgre hand, og som går i forbøn for oss. 35Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsel eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36Som det står skrive: «For di skuld vert vi drepne heile dagen, vi vert rekna som slaktesauer.» 37Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller makter, korkje det som no er eller det som koma skal, korkje krefter 39eller høgd eller djupn eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.
Evangelium

Jeg vil gi dere hvile

Matt 11,28-30

11:28Kom til meg, alle de som slit og ber tunge bører, og eg vil gje dykk kvile. 29Ta åket mitt på dykk og lær av meg, for eg er mild og audmjuk av hjarte, og de skal finna kvile for sjelene dykkar. 30For åket mitt er godt, og børa mi er lett.»
← Alle lesetekstar