Olavsdagen/Olsok
GT
Jeg gjør deg til en fast borg
Jer 1,17-19
1:17«Men du skal binda opp om livet, stå fram og tala til dei alt det eg byd deg. Ver ikkje forskrekka for dei, elles lèt eg deg bli til skrekk for dei.» 18«Sjå, i dag gjer eg deg til ein fast borg, til ein jernstolpe og til koparmurar mot heile landet – mot kongane i Juda, mot stormennene, mot prestane og mot folket i landet.» 19«Dei skal strida mot deg, men ikkje vinna over deg, for eg er med deg,» seier Herren, «og skal berga deg.»
Åp
Anklageren er styrtet
Op 12,10-11
12:10Og eg høyrde ei sterk røyst i himmelen som sa: «No er frelsa komen, og krafta og riket åt vår Gud, og makta åt hans Kristus, for han som skulda brørne våre er kasta ned, han som dag og natt skulda dei framfor vår Gud. 11Dei har sigra over han ved blodet frå Lammet og ved ordet i vitnemålet deira. Dei elska ikkje livet sitt, ikkje eingong til døden.
Evangelium
Hvetekornet
Joh 12,24-26
12:24Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Om ikkje kveitekornet fell i jorda og døyr, vert det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det mykje frukt. 25Den som elskar livet sitt, mistar det. Men den som hatar livet sitt i denne verda, skal ta vare på det til evig liv. 26Den som vil tena meg, må følgja meg. Der eg er, der skal også tenaren min vera. Den som tener meg, skal Far min æra.