søndag 16. august 2026

12. søndag i treenighetstiden

Rekkje I
GT

Du forlot dem ikke i ørkenen

Neh 9,19-21

9:19forlét du dei ikkje i øydemarka i di store miskunn. Skysøyla veik ikkje frå dei om dagen, men leidde dei på vegen, og eldsøyla om natta lyste opp vegen dei skulle gå. 20Du gav dei din gode Ande for å rettleia dei. Du heldt ikkje mannaen din attende frå munnen deira, og du gav dei vatn når dei tyrsta. 21I førti år sørgde du for dei i øydemarka; dei mangla ikkje noko. Kleda deira vart ikkje utslitne, og føtene deira hovna ikkje opp.
Brev

Jeg slipper deg ikke

Hebr 13,5-6

13:5Lat livsførselen dykkar vera fri frå pengekjærleik, og ver nøgde med det de har. For han har sjølv sagt: «Eg skal aldri forlata deg og aldri svikta deg.» 6Difor kan vi frimodig seia: «Herren er min hjelpar, eg skal ikkje frykta. Kva kan eit menneske gjera meg?»
Evangelium

Vær ikke bekymret for livet

Matt 6,24-34

6:24Ingen kan tena to herrar. For anten vil han hata den eine og elska den andre, eller han vil halda seg til den eine og forakta den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon. 25Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten, og kroppen meir enn kleda? 26Sjå på fuglane under himmelen! Dei sår ikkje, dei haustar ikkje og samlar ikkje i hus, og Far dykkar i himmelen føder dei likevel. Er ikkje de mykje meir verdt enn dei? 27Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til levetida si? 28Og kvifor er de urolege for kleda? Legg merke til liljene på marka, korleis dei veks. Dei arbeider ikkje og spinn ikkje. 29Men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 30Men når Gud kler graset på marka slik, det som står i dag og i morgon blir kasta i omnen, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande! 31Ver difor ikkje urolege og sei: 'Kva skal vi eta?' eller 'Kva skal vi drikka?' eller 'Kva skal vi kle oss med?' 32For alt dette søkjer heidningane etter. Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. 33Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg. 34Ver difor ikkje urolege for morgondagen, for morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si eiga møde.
← Alle lesetekstar