Vingårdssøndag / 14. søndag i treenighetstiden
GT
Herren vokter sin vingård
Jes 27,2-6
27:2Den dagen heiter det om ein herleg vingard: Syng om henne! 3Eg, Herren, vaktar henne. Kvart augneblink vatnar eg henne. For at ingen skal skada henne, vaktar eg henne natt og dag. 4Vreide har eg ikkje. Å, om eg fann tornar og tistel! I strid ville eg gå laus på dei og brenna dei opp alle saman. 5Eller lat dei ta si tilflukt til vernet mitt og gjera fred med meg, ja, lat dei gjera fred med meg! 6I komande dagar skal Jakob slå rot, Israel skal bløma og skyta knoppar, og dei skal fylla verda med frukt.
Brev
Dere er helliget ved Kristus
1Kor 1,1-3
1:1Paulus, kalla til apostel for Kristus Jesus etter Guds vilje, og Sostenes, bror vår, 2til Guds kyrkjelyd i Korint, dykk som er helga i Kristus Jesus og kalla til å vera heilage, saman med alle som på kvar stad påkallar namnet til vår Herre Jesus Kristus, deira og vår Herre: 3Nåde vere med dykk og fred frå Gud, Far vår, og Herren Jesus Kristus.
Evangelium
Arbeiderne i vingården
Matt 20,1-16
20:1For himmelriket er likt ein jordeigar som gjekk ut tidleg om morgonen for å leiga arbeidarar til vingarden sin. 2Han vart samd med arbeidarane om ein denar for dagen og sende dei ut i vingarden sin. 3Så gjekk han ut ved den tredje timen og såg andre som stod ledige på torget. 4Til dei sa han: 'Gå de òg ut i vingarden, så skal eg gje dykk det som er rett.' 5Og dei gjekk. Han gjekk ut att ved den sjette og den niande timen og gjorde det same. 6Då han gjekk ut ved den ellevte timen, fann han endå nokre som stod der, og han sa til dei: 'Kvifor står de her heile dagen utan arbeid?' 7Dei svara han: 'Fordi ingen har leigd oss.' Han sa til dei: 'Gå de òg ut i vingarden.' 8Då det vart kveld, sa herren over vingarden til forvaltaren sin: 'Kall arbeidarane hit og gje dei løna deira. Byrja med dei siste og halda fram til dei første.' 9Så kom dei som var leigde ved den ellevte timen, og fekk kvar sin denar. 10Då dei første kom fram, trudde dei at dei skulle få meir, men også dei fekk kvar sin denar. 11Då dei fekk løna, murra dei mot jordeigaren 12og sa: 'Desse siste har berre arbeidd ein time, og du har stilt dei likt med oss som har bore dagens tyngd og hete.' 13Men han svara ein av dei: 'Ven, eg gjer deg ikkje urett. Vart du ikkje samd med meg om ein denar?' 14Ta det som er ditt, og gå! Eg vil gje denne siste det same som deg. 15Har eg ikkje lov til å gjera det eg vil med det som er mitt? Eller ser du med vonde auge på at eg er god? 16Slik skal dei siste vera dei første, og dei første vera dei siste.