18. søndag i treenighetstiden
GT
Såret for våre overtredelser
Jes 53,1-5
53:1Kven trudde bodskapen vår? Og for kven vart armen til Herren openberra? 2Han voks opp som ein spire framfor han, som ei rot or ei turr jord. Han hadde ingen skapnad eller herlegdom, ikkje noko utsjånad som fekk oss til å ønskja han. 3Han var forakta og avvist av menneske, ein mann full av smerte og kjend med sjukdom. Han var som ein folk skjuler andletet for, forakta, og vi rekna han ikkje for noko. 4Sanneleg, det var våre sjukdomar han bar, og våre smerter tok han på seg. Men vi rekna han som ramma, slegen av Gud og plaga. 5Men han vart gjennombora for våre brot, knust for våre synder. Straffa som gav oss fred, låg på han, og ved hans sår har vi fått lækjedom.
Brev
En barmhjertig øversteprest
Hebr 2,10-18
2:10For det høvde han som alt er til for og alt er til ved, at han, når han fører mange born til herlegdom, skulle fullenda frelseshøvdingen deira gjennom lidingar. 11For både han som helgar og dei som blir helga, er alle av éin. Difor skjemmest han ikkje ved å kalla dei sysken. 12Han seier: «Eg vil forkynna namnet ditt for syskena mine, midt i forsamlinga vil eg lovsyngja deg.» 13Og vidare: «Eg vil setja mi lit til han.» Og igjen: «Sjå, her er eg og dei borna som Gud har gjeve meg.» 14Sidan borna har del i kjøt og blod, tok han òg på same vis del i det, for at han ved døden skulle gjera til inkjes han som har dødens makt, det er djevelen, 15og fria ut alle dei som av redsle for døden var i trældom heile livet. 16For det er ikkje englar han tek seg av, men Abrahams ætt tek han seg av. 17Difor måtte han bli syskena sine lik i alle ting, så han kunne vera ein miskunnsam og trufast øvsteprest for Gud og sona syndene til folket. 18For ved at han sjølv har lide og vorte freista, kan han hjelpa dei som blir freista.
Evangelium
Jesus helbreder Peters svigermor
Matt 8,14-17
8:14Då Jesus kom inn i huset til Peter, såg han at svigermor hans låg sjuk med feber. 15Han rørte ved handa hennar, og feberen sleppte henne. Ho stod opp og tente han. 16Då det vart kveld, førte dei til han mange som var demonplagde. Han dreiv ut åndene med eit ord og lækte alle som var sjuke. 17Slik skulle det oppfyllast som var sagt gjennom profeten Jesaja: «Han tok våre veikleikar og bar våre sjukdomar.»