tysdag 29. september 2026

Mikkelsmesse

Rekkje I
GT

Jeg sender en engel foran deg

2Mos 23,20-22

23:20Sjå, eg sender ein engel framfor deg for å vakta deg på vegen og føra deg til staden eg har gjort klar. 21Ver varsam for han og lyd røysta hans! Set deg ikkje opp mot han, for han vil ikkje tilgje misgjerningane dykkar, for namnet mitt er i han. 22Men om du verkeleg lyder røysta hans og gjer alt det eg seier, då vil eg vera fiende mot fiendane dine og motstandar mot motstandarane dine.
Brev

Englene sendes ut for å hjelpe

Hebr 1,5-14

1:5For til kven av englane har Gud nokon gong sagt: «Du er Son min, eg har i dag fødd deg»? Og vidare: «Eg skal vera far hans, og han skal vera Son min»? 6Og når han på nytt fører den førstefødde inn i verda, seier han: «Alle Guds englar skal tilbe honom.» 7Om englane seier han: «Han gjer englane sine til vindar og tenarane sine til eldflammer.» 8Men om Sonen seier han: «Trona di, Gud, står i all æve, og rettvisas stav er staven i riket ditt.» 9Du har elska rettferd og hata lovløyse. Difor har Gud, din Gud, salva deg med gledens olje meir enn fylgjesveinane dine.» 10Og: «Du, Herre, la grunnvollen for jorda i opphavet, og himlane er verk av hendene dine. 11Dei skal gå til grunne, men du blir verande. Alle skal bli slitne som ein klednad. 12Du skal rulla dei saman som ei kappe, som ein klednad skal dei skiftast ut. Men du er den same, og åra dine tek aldri slutt.» 13Og til kven av englane har han nokon gong sagt: «Set deg ved høgre handa mi til eg får lagt fiendane dine som skammel for føtene dine»? 14Er ikkje alle englane tenande ånder, utsende for å hjelpa dei som skal arva frelsa?
Evangelium

De små har sine engler hos Gud

Matt 18,1-6; 18,10-11

18:1I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2Då kalla han til seg eit lite barn og sette det midt imellom dei. 3Og han sa: «Sanneleg seier eg dykk: Om de ikkje vender om og blir som born, kjem de aldri inn i himmelriket. 4Den som audmjukar seg sjølv som dette barnet, han er den største i himmelriket. 5Og den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6Men den som lokkar ein av desse små som trur på meg, til fall – for han ville det vera betre om ein kvernstein vart hengd om halsen hans og han vart søkkt i havdjupet. 10Sjå til at de ikkje foraktar ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid andletet til Far min i himmelen. 11[For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.]
← Alle lesetekstar