søndag 11. oktober 2026

20. søndag i treenighetstiden

Rekkje I
GT

Jonathan slutter pakt med David

1Sam 18,1-4

18:1Då han var ferdig med å tala til Saul, vart sjela til Jonatan knytt til sjela til David. Jonatan elska han som seg sjølv. 2Saul tok David til seg den dagen og lét han ikkje venda heim att til far sin. 3Jonatan og David gjorde ei pakt med kvarandre, for Jonatan elska han som seg sjølv. 4Jonatan tok av seg kappa han hadde på seg og gav henne til David, og likeins rustningen sin, sverdet sitt, bogen sin og beltet sitt.
Brev

Søskenkjærlighet og gjestfrihet

Hebr 13,1-3

13:1Lat søskenkjærleiken vara ved. 2Gløym ikkje å vera gjestfrie, for ved dette har somme hatt englar som gjester utan å vita det. 3Hugs på dei som sit i fengsel, som om de sjølve var bundne saman med dei, og dei som lid vondt, sidan de òg har ein kropp av kjøt og blod.
Evangelium

Jesu venner i Betania

Joh 11,1-5

11:1Det var ein mann som var sjuk, Lasarus frå Betania, landsbyen der Maria og syster hennar Marta budde. 2Det var Maria som hadde salva Herren med velluktande olje og tørka føtene hans med håret sitt. Det var bror hennar, Lasarus, som var sjuk. 3Systrene sende då bod til Jesus og sa: «Herre, han du er glad i, er sjuk.» 4Då Jesus høyrde det, sa han: «Denne sjukdomen fører ikkje til døden, men er til Guds ære, så Guds Son skal bli herleggjord gjennom han.» 5Jesus elska Marta og syster hennar og Lasarus.
← Alle lesetekstar