søndag 18. oktober 2026

21. søndag i treenighetstiden

Rekkje I
GT

Be til Herren for byen

Jer 29,4-7

29:4Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud, til alle dei bortførte som eg har ført frå Jerusalem til Babel: 5Bygg hus og bu i dei! Plant hagar og et frukta frå dei! 6Ta dykk koner og få søner og døtrer! Ta koner til sønene dykkar og gift bort døtrene dykkar til menn, så dei kan føda søner og døtrer. Bli fleire der, ikkje færre! 7Søk velferd for den byen eg har ført dykk bort til, og be til Herren for han! For når det går han vel, går det dykk vel.
Brev

Forholdet til styresmaktene

Rom 13,1-7

13:1Kvart menneske skal underordna seg dei styresmaktene som er over seg. For det finst inga styresmakt utan at ho er frå Gud, og dei styresmaktene som finst, er innsette av Gud. 2Den som set seg opp mot styresmakta, står difor imot det Gud har fastsett. Og dei som står imot, skal få sin dom. 3For dei som styrer, er ikkje til skrekk for den gode gjerning, men for den vonde. Vil du sleppa å frykta styresmakta? Gjer det gode, så skal du få ros av henne. 4For ho er Guds tenar til det beste for deg. Men gjer du det vonde, så frykt! Det er ikkje utan grunn ho ber sverdet. Ho er Guds tenar, ein hemnar som let vreiden råka den som gjer det vonde. 5Difor er det naudsynt å underordna seg, ikkje berre på grunn av vreiden, men òg for samvitet si skuld. 6Difor betaler de òg skatt, for styresmaktene er Guds tenarar som held trufast på med nettopp dette. 7Gjev alle det de skuldar dei: skatt til den som skal ha skatt, toll til den som skal ha toll, age til den som skal ha age, ære til den som skal ha ære.
Evangelium

Gi keiseren hva keiserens er

Matt 22,15-22

22:15Då gjekk farisearane bort og la planar om korleis dei kunne fanga han i ord. 16Dei sende læresveinane sine til han saman med herodianarane, og dei sa: «Meister, vi veit at du er sannferdig og lærer Guds veg i sanning. Du lèt deg ikkje påverka av nokon, for du ser ikkje på kven folk er. 17Sei oss difor kva du meiner: Er det rett å betala skatt til keisaren, eller ikkje?» 18Men Jesus kjende vondskapen deira og sa: «Kvifor set de meg på prøve, de hyklarar? 19Vis meg mynten som skatten blir betalt med.» Dei rekte han ein denar. 20Han sa til dei: «Kven sitt bilete og innskrift er dette?» 21«Keisarens,» svara dei. Då sa han til dei: «Så gjev keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til.» 22Då dei høyrde dette, undra dei seg, og dei gjekk bort og let han vera.
← Alle lesetekstar