laurdag 31. oktober 2026

Reformasjonsdagen

Rekkje A
Salme

Gud er vår faste borg

Sal 46,1; 46,1; 46,3-8

46:1Til kormeisteren. Av Korah-sønene. Ein song etter alamot-melodien. 1Til kormeisteren. Av Korah-sønene. Ein song etter alamot-melodien. 3Difor fryktar vi ikkje, om jorda vert omvelta og fjella rasar ned i havdjupet. 4Lat vatna brusa og skumma, lat fjella skjelva når havet reiser seg! Sela 5Ei elv med sine greiner gled Guds by, det heilage burommet til Den høgste. 6Gud er midt i henne, ho skal ikkje vakla. Gud hjelper henne når morgonen gryr. 7Folkeslag brusa, kongerike vakla. Han lét røysta lyda, og jorda smelta. 8Herren over hærskarane er med oss, Jakobs Gud er vår faste borg. Sela
Brev

Guds kraft til frelse

Rom 1,16-17

1:16For eg skjemmest ikkje over evangeliet, for det er Guds kraft til frelse for kvar den som trur, for jøde først og så for grekar. 17For i det vert Guds rettferd openberra frå tru til tru, som det står skrive: «Den rettferdige skal leva ved tru.»
Evangelium

Nåden og sannheten

Joh 1,16-17

1:16For av hans fullnad har vi alle fått, nåde over nåde. 17For lova vart gjeven gjennom Moses, nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus.
← Alle lesetekstar