24. søndag i treenighetstiden
Salme
Så med tårer, høste med jubelrop
Sal 126,1-6
126:1Ein song for oppgangen. Då Herren vende lagnaden til Sion, var det som ein draum for oss. 2Då vart munnen vår fylt med latter og tunga vår med jubel. Då sa dei mellom folka: «Store ting har Herren gjort for dei!» 3Ja, store ting har Herren gjort for oss, og vi er glade! 4Herre, vend lagnaden vår, slik som bekker i Negev! 5Dei som sår med tårer, skal hausta med jubel. 6Den som gråtande går ut og ber såkornet, skal koma heim att med jubel og bera kornbanda sine.
Brev
Han som begynte, skal fullføre
Fil 1,2-6
1:2Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus. 3Eg takkar min Gud for alt eg minnest om dykk. 4Alltid, i kvar bøn eg bed for dykk alle, bed eg med glede, 5på grunn av dykkar fellesskap i evangeliet frå den første dagen og til no. 6Og eg er viss på at han som har begynt ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne heilt til Kristi Jesu dag.
Evangelium
Du har det evige livs ord
Joh 6,63-69
6:63Det er Anden som gjer levande, kroppen gagnar ingenting. Dei orda eg har tala til dykk, er ånd og liv. 64Men det er nokre av dykk som ikkje trur.» For Jesus visste frå første stund kven som ikkje trudde, og kven som skulle svika han. 65Og han sa: «Difor har eg sagt dykk at ingen kan koma til meg utan at det er gjeve han av Far.» 66Etter dette drog mange av læresveinane hans seg tilbake og gjekk ikkje lenger omkring med han. 67Då sa Jesus til dei tolv: «Vil de òg gå bort?» 68Simon Peter svara han: «Herre, kven skal vi gå til? Du har det evige livets ord. 69Og vi har kome til tru og har erkjent at du er Guds Heilage.»