Domssøndag/Kristi kongedag
GT
Jeg vil ikke evig føre klagemål
Jes 57,14-16
57:14Og det skal lydast: Bygg opp, bygg opp, rydd veg! Ta bort kvar støytestein frå vegen åt folket mitt! 15For så seier den høge og opphøgde, han som tronar evig og ber det heilage namnet: I det høge og heilage bur eg, og hos den som er knust og nedbøygd i ånda, for å gjeva dei audmjuke ny ånd og gjeva dei knuste nytt liv i hjarta. 16For eg vil ikkje tretta til evig tid og ikkje alltid vera vreid. Elles ville ånda vansmektast framfor meg, livsanden som eg har skapt.
Åp
Livets bok
Op 20,11-13
20:11Og eg såg ein stor, kvit trone og han som sat på han. Jorda og himmelen flydde bort frå andletet hans, og det fanst ikkje lenger nokon stad for dei. 12Og eg såg dei døde, store og små, stå framfor trona. Bøker vart opna, og endå ei bok vart opna, livsens bok. Dei døde vart dømde etter det som stod skrive i bøkene, etter gjerningane sine. 13Havet gav frå seg dei døde som var i det, og døden og dødsriket gav frå seg dei døde som var i dei. Og kvar og ein vart dømd etter gjerningane sine.
Evangelium
Dommen
Matt 25,31-46
25:31Når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han setja seg på sin herlegdoms trone. 32Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, slik ein gjetar skil sauene frå geitene. 33Han skal stilla sauene på si høgre side og geitene på si venstre. 34Kom hit, de som er velsigna av Far min, og arv det riket som er gjort ferdig for dykk frå verda vart grunnlagd. 35For eg var svolten, og de gav meg mat. Eg var tørst, og de gav meg drikke. Eg var framand, og de tok imot meg. 36Eg var naken, og de kledde meg. Eg var sjuk, og de såg til meg. Eg var i fengsel, og de kom til meg.' 37Då skal dei rettferdige svara han: 'Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tørst og gav deg drikke? 38Når såg vi deg som framand og tok imot deg, eller naken og kledde deg? 39Når såg vi deg sjuk eller i fengsel og kom til deg?' 40Og kongen skal svara dei: 'Sanneleg, eg seier dykk: Det de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg.' 41Så skal han seia til dei på venstre sida: 'Gå bort frå meg, de som er forbanna, til den evige elden som er gjord ferdig for djevelen og englane hans. 42For eg var svolten, og de gav meg ikkje mat. Eg var tørst, og de gav meg ikkje drikke. 43Eg var framand, og de tok ikkje imot meg. Eg var naken, og de kledde meg ikkje. Eg var sjuk og i fengsel, og de såg ikkje til meg.' 44Då skal også dei svara: 'Herre, når såg vi deg svolten eller tørst eller framand eller naken eller sjuk eller i fengsel og tente deg ikkje?' 45Då skal han svara dei: 'Sanneleg, eg seier dykk: Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det gjorde de heller ikkje mot meg.' 46Og desse skal gå bort til evig straff, men dei rettferdige til evig liv.