søndag 6. desember 2026

2. søndag i adventstiden

Rekkje II
GT

Ny himmel og jord

Jes 65,17-19

65:17For sjå, eg skaper nye himlar og ei ny jord. Dei tidlegare tinga skal ikkje minnast og ikkje koma opp i hjarta. 18Men gled dykk og fryd dykk til evig tid over det eg skaper! For sjå, eg skaper Jerusalem til fryd og folket hennar til glede. 19Eg skal fryda meg over Jerusalem og gleda meg over folket mitt. Aldri meir skal det høyrast gråt eller klagerop der.
Brev

Vi skal bli forvandlet

1Kor 15,50-57

15:50Men dette seier eg, sysken: Kjøt og blod kan ikkje arva Guds rike, og det forgjengelege arvar ikkje det uforgjengelege. 51Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna inn, men vi skal alle bli forvandla, 52i eitt nu, på eit augneblink, når den siste basunen ljomar. For basunen skal ljoma, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal bli forvandla. 53For dette forgjengelege må bli kledd i det uforgjengelege, og dette døyelege må bli kledd i udøyelegdom. 54Og når dette forgjengelege er kledd i det uforgjengelege, og dette døyelege er kledd i udøyelegdom, då skal det ordet gå i oppfylling som står skrive: «Døden er oppslukt, sigeren vunnen!» 55«Død, kvar er sigeren din? Død, kvar er brodden din?» 56Brodden til døden er synda, og krafta til synda er lova. 57Men Gud vere takk, som gjev oss sigeren ved vår Herre Jesus Kristus!
Evangelium

Guds rike er nær, våk og be

Luk 21,27-36

21:27Då skal dei sjå Menneskesonen koma i ei sky med stor makt og herlegdom. 28Men når dette tek til å henda, rett dykk opp og lyft hovudet! For då er utfriinga dykkar nær. 29Så fortalde han dei ei likning: «Sjå på fikentreet og alle andre tre. 30Når de ser at dei spring ut, då veit de av dykk sjølve at sommaren er nær. 31Slik skal de òg vita, når de ser at dette hender, at Guds rike er nær. 32Sanneleg seier eg dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender. 33Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå. 34Ver på vakt så ikkje hjarta dykkar blir tyngde av rus og fyll og kvardagslege bekymringar, så den dagen kjem brått over dykk, 35som ei snare. For han skal koma over alle som bur på heile jorda. 36Vak kvar tid og be om å få kraft til å sleppa unna alt det som skal henda, og til å bli ståande framfor Menneskesonen.
← Alle lesetekstar