3. søndag i adventstiden
GT
Trøst mitt folk og rydd vei
Jes 40,1-5
40:1Trøyst, trøyst folket mitt, seier dykkar Gud. 2Tal til hjarta åt Jerusalem og rop til henne at stridstenesta hennar er fullenda, at skulda hennar er betalt, at ho har fått dobbelt av Herrens hand for alle syndene sine. 3Ei røyst ropar: Rydd veg for Herren i øydemarka, jamn ein hovudveg i det aude landet for vår Gud! 4Kvar dal skal hevast, kvart fjell og kvar haug skal senkast. Det bakkete skal verta flat mark, og fjellryggane skal verta sletter. 5Herrens herlegdom skal openberrast, og alt kjøt skal sjå det saman, for Herrens munn har tala.
Brev
Vær tålmodige til Herren kommer
Jak 5,7-8
5:7Ver difor tolmodige, sysken, til Herren kjem. Sjå, bonden ventar på den dyrebare grøda frå jorda og er tolmodig til han får tidlegregn og seinregn. 8Ver de òg tolmodige og styrk hjarta dykkar, for Herrens kome er nær.
Evangelium
Frukt som svarer til omvendelsen
Luk 3,7-18
3:7Han sa til folkemengda som kom ut for å bli døypte av han: «De ormeyngel! Kven har lært dykk å flykte frå den komande vreiden? 8Ber då frukt som svarar til omvendinga! Og ta ikkje til å seie ved dykk sjølve: 'Vi har Abraham til far.' For eg seier dykk at Gud kan reise opp born for Abraham av desse steinane. 9Øksa ligg alt ved rota av trea. Kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden.» 10Folkemengda spurde han: «Kva skal vi då gjere?» 11Han svara dei: «Den som har to kjortlar, skal dele med den som ikkje har nokon. Og den som har mat, skal gjere det same.» 12Det kom òg tollarar for å bli døypte, og dei sa til han: «Meister, kva skal vi gjere?» 13Han sa til dei: «Krev ikkje inn meir enn det som er fastsett for dykk.» 14Også soldatar spurde han: «Kva skal vi gjere?» Han sa til dei: «Bruk ikkje vald mot nokon og kom ikkje med falske skuldingar, og ver nøgde med løna dykkar.» 15Folket venta i spenning, og alle tenkte i hjarta sitt om Johannes kanskje kunne vere Messias. 16Johannes svara og sa til alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn meg. Eg er ikkje eingong verdig til å løyse sandalreima hans. Han skal døype dykk med Den Heilage Ande og eld. 17Han har kasteskovla i handa si for å reinse treskjevollen sin og samle kveiten i låven sin. Men agnene skal han brenne opp med eld som aldri sloknar.» 18Med mange andre formaningar forkynte han det gode bodskapet for folket.