4. søndag i adventstiden
GT
Fredsfyrsten fra Betlehem
Mika 4,14-5,3a
4:14No ritar du deg, du krigarby! Beleiring er lagd mot oss. Med stav slår dei Israels dommar på kinnet. 5:1Men du, Betlehem Efrata, liten mellom tusentala i Juda, frå deg skal det koma ein til meg som skal vera herskar over Israel. Hans opphav er frå gammal tid, frå evige dagar. 2Difor skal han gje dei over inntil den tid då ho som skal føda, har fødd. Då skal resten av brørne hans venda attende til Israels born. 3aHan skal stå fram og gjeta flokken i Herrens kraft, i det opphøgde namnet åt Herren sin Gud.
Brev
Gled dere i Herren
Fil 4,4-7
4:4Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! 5Lat dykkar mildskap vera kjend for alle menneske. Herren er nær! 6Ver ikkje urolege for noko, men lat i alle ting bønene og bønfallinga dykkar med takkseiing koma fram for Gud. 7Og Guds fred, som går over all forstand, skal verna hjarta dykkar og tankane dykkar i Kristus Jesus.
Evangelium
Maria og Elisabeth
Luk 1,39-45
1:39I dei dagane braut Maria opp og skunda seg til fjellbygdene, til ein by i Juda. 40Ho gjekk inn i huset til Sakarja og helsa på Elisabet. 41Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, spratt barnet i magen hennar. Elisabet vart fylt av Den Heilage Ande. 42Ho ropa med høg røyst og sa: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv! 43Korleis kan det henda meg at mor til Herren min kjem til meg? 44For sjå, då lyden av helsinga di nådde øyra mine, sparka barnet i magen min av fryd. 45Og sæl er ho som trudde, for det skal verta fullført det som er tala til henne frå Herren.»