Stefanusdag/2. juledag
Salme
Gi meg et udelt hjerte
Sal 86,11-17
86:11Lær meg din veg, Herre, så eg kan vandra i din sanning. Samla hjarta mitt til å frykta namnet ditt. 12Eg vil prisa deg, Herre min Gud, av heile mitt hjarta, og eg vil æra namnet ditt til evig tid. 13For di miskunn mot meg er stor, og du har fria livet mitt frå det djupaste dødsriket. 14Gud, frekke menneske har reist seg mot meg, ein flokk av valdsmenn står meg etter livet. Dei har ikkje deg for auga. 15Men du, Herre, er ein miskunnsam og nådig Gud, sein til vreide og rik på miskunn og truskap. 16Vend deg til meg og ver meg nådig. Gjev styrke til tenaren din, og frels sonen til tenestekona di. 17Gjev meg eit teikn på din godleik, så dei som hatar meg, kan sjå det og bli til skamme. For du, Herre, har hjelpt meg og trøysta meg.
Apostlane
Stefanus for Rådet
Apg 6,8-15
6:8Stefanus var full av nåde og kraft og gjorde store under og teikn mellom folket. 9Då stod det fram nokre frå den synagogen som vart kalla «dei frigjevne», med folk frå Kyréne og Alexandria og frå Kilikia og Asia, og dei gav seg i ordskifte med Stefanus. 10men dei makta ikkje å stå imot den visdomen og Anden han tala med. 11Då lokka dei nokre menn til å seia: «Vi har høyrt han tala spottande ord mot Moses og Gud.» 12Slik eggja dei opp folket og dei eldste og dei skriftlærde. Dei gjekk på han, greip han og førte han for Rådet. 13Der stilte dei fram falske vitne som sa: «Denne mannen held ikkje opp med å tala mot denne heilage staden og mot lova. 14For vi har høyrt han seia at denne Jesus frå Nasaret skal riva ned denne staden og endra dei skikkane som Moses gav oss.» 15Alle som sat i Rådet, stirte på han, og dei såg at andletet hans var som andletet til ein engel.
Evangelium
Som sauer blant ulver
Matt 10,16-22
10:16Sjå, eg sender dykk ut som sauer blant ulvar. Ver difor kloke som ormar og reine som duer. 17Ta dykk i vare for menneska! For dei skal gje dykk over til domstolar, og i synagogane sine skal dei piska dykk. 18Og de skal førast fram for landshovdingar og kongar for mi skuld, til vitnemål for dei og for heidningfolka. 19Men når dei gjev dykk over, så ver ikkje urolege for korleis de skal tala eller kva de skal seia. For det skal verta gjeve dykk i den stunda kva de skal seia. 20For det er ikkje de som talar, men Anden til Far dykkar, som talar gjennom dykk. 21Bror skal gje bror over til døden, og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra sine og drepa dei. 22Og de skal verta hata av alle for mitt namn si skuld.