søndag 27. desember 2026

Romjulssøndag

Rekkje II
GT

Jordmødrene fryktet Gud

2Mos 1,15-21

1:15Kongen av Egypt sa til dei hebraiske jordmødrene – den eine heitte Sjifra og den andre Pua – 16«Når de hjelper dei hebraiske kvinnene med å føda, sjå på fødselsstolen: Er det ein gut, skal de drepa han, men er det ei jente, kan ho leva.» 17Men jordmødrene frykta Gud og gjorde ikkje som kongen av Egypt hadde sagt til dei. Dei lét gutane leva. 18Då kalla kongen av Egypt jordmødrene til seg og sa: «Kvifor har de gjort dette og late gutane leva?» 19Jordmødrene svara farao: «Dei hebraiske kvinnene er ikkje som dei egyptiske, dei er så livskraftige at dei føder før jordmora kjem til dei.» 20Gud gjorde vel mot jordmødrene, og folket auka og vart svært talrike. 21Og fordi jordmødrene frykta Gud, bygde han hus for dei.
Apostlane

Moses var full av kraft

Apg 7,17-22

7:17Då tida nærma seg for at lovnaden som Gud hadde gjeve Abraham, skulle oppfyllast, voks folket og vart talrikt i Egypt. 18Så kom det ein annan konge over Egypt, ein som ikkje kjende Josef. 19Han bruka list mot folket vårt og undertrykte fedrane våre. Han tvinga dei til å setja ut dei nyfødde borna sine, så dei ikkje skulle få leva. 20På den tida vart Moses fødd, og han var fager i Guds auge. I tre månader vart han fostra opp i huset til far sin. 21Og då han vart sett ut, tok dotter til farao han opp og fostra han opp som sin eigen son. 22Moses vart opplærd i all egyptisk visdom, og han var mektig i ord og gjerning.
Evangelium

Profeten Anna fortalte om barnet

Luk 2,36-38

2:36Det var òg ei profetinne der, Anna, dotter til Fanuel, av Asjers stamme. Ho var langt oppe i åra og hadde levd sju år med mannen sin etter bryllaupet. 37Sidan hadde ho vore enkje, og no var ho åttifire år gamal. Ho var aldri borte frå tempelet, men tente Gud med faste og bøn natt og dag. 38I same stunda kom ho fram og takka Gud, og ho tala om barnet til alle som venta på utfriinga av Jerusalem.
← Alle lesetekstar