Nyttårsaften
GT
Fredstanker, fremtid og håp
Jer 29,10-14
29:10For så seier Herren: Først når sytti år er gått for Babel, vil eg sjå til dykk og oppfylla det gode ordet mitt for dykk, at eg vil føra dykk attende til denne staden. 11For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, tankar om fred og ikkje om ulukke, tankar om å gje dykk framtid og von. 12Då skal de ropa til meg og gå og be til meg, og eg vil høyra dykk. 13De skal søkja meg og finna meg når de søkjer meg av heile hjartet. 14Eg vil la meg finna av dykk, seier Herren. Eg vil venda lagnaden dykkar og samla dykk frå alle folkeslag og alle stader dit eg har drive dykk bort, seier Herren. Eg vil føra dykk attende til den staden eg førte dykk bort frå.
Brev
Forventning
2Pet 3,13-15a; 3,17-18
3:13Men etter hans lovnad ventar vi på nye himlar og ei ny jord, der rettferd bur. 14Difor, mine kjære, medan de ventar på dette, så gjer dykkar beste for å bli funne utan flekk og lyte for hans åsyn, i fred. 15aOg rekna tolmodet til Herren vår som frelse, slik som òg vår kjære bror Paulus har skrive til dykk etter den visdomen som er gjeven han. 17Men de, mine kjære, som no veit dette på førehand, ta dykk i vare så de ikkje blir rivne med av villfaringa til dei lovlause og fell frå dykkar eige faste grunn. 18Men veks i nåden og kunnskapen om vår Herre og Frelsar Jesus Kristus. Han vere ære, både no og til ævedagen! Amen.
Evangelium
Min fred gir jeg dere
Joh 14,27
14:27Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred slik verda gjev. Lat ikkje hjartet dykkar vera uroleg, og ver ikkje redde.