Nyttårsdag/Jesu navnedag
Salme
Forgjengelighet og miskunn
Sal 103,13-18
103:13Som ein far viser miskunn mot borna sine, slik viser HERREN miskunn mot dei som fryktar han. 14For han kjenner vår skapnad, han hugsar at vi er støv. 15Mennesket – dagane hans er som graset, det blømer som blomen på marka. 16For vinden fer over det, og det er borte, og staden kjenner det ikkje meir. 17Men HERRENS nåde varer frå æve til æve over dei som fryktar han, og hans rettferd når til barneborna, 18til dei som held pakta hans og hugsar på boda hans så dei lever etter dei.
Apostlane
Ikke noe annet navn
Apg 4,8-12
4:8Då sa Peter, fylt av Den Heilage Ande, til dei: «Leiarar for folket og de eldste! 9Dersom vi i dag blir forhøyrde om ei velgjerning mot ein sjuk mann, og om korleis han har vorte frisk, 10så skal de alle og heile Israelsfolket vita at det er i namnet åt Jesus Kristus frå Nasaret, han som de krossfeste, men som Gud reiste opp frå dei døde – ved han står denne mannen frisk framfor dykk. 11Han er steinen som vart vraka av dykk bygningsmenn, men som har vorte hjørnestein. 12Det finst ikkje frelse i nokon annan, for det er ikkje gjeve noko anna namn under himmelen blant menneske som vi kan bli frelste ved.»
Evangelium
Navnet Jesus, han skal frelse
Matt 1,20b-21
1:20bVer ikkje redd for å ta Maria heim til deg som kona di. 21Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.»