søndag 31. januar 2027

Kristi forklarelsesdag

Rekkje II
GT

Moses og tornebusken

2Mos 3,1-6

3:1Moses gjette småfeet til Jetro, svigerfaren sin, som var prest i Midjan. Ein gong førte han flokken ut over øydemarka og kom til Guds fjell, Horeb. 2Der synte Herrens engel seg for han i ein eldsloge som slo opp frå ein tornebusk. Han såg at busken stod i lys loge, men busken brann ikkje opp. 3Moses sa: «Eg vil gå bort og sjå dette underfulle synet – kvifor busken ikkje brenn opp.» 4Då Herren såg at han gjekk bort for å sjå, ropa Gud til han frå tornebusken: «Moses, Moses!» Han svara: «Her er eg.» 5Gud sa: «Kom ikkje nærare! Ta skorne av føtene dine, for staden du står på, er heilag grunn.» 6Han sa: «Eg er Gud til far din, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud.» Då gøymde Moses andletet sitt, for han var redd for å sjå på Gud.
Brev

Øyenvitner på fjellet

2Pet 1,16-18

1:16For det var ikkje utspekulerte mytar vi følgde då vi kunngjorde krafta og koma åt vår Herre Jesus Kristus for dykk, men vi var augnevitne til hans majestet. 17For han fekk ære og herlegdom frå Gud Fader då ei slik røyst kom til han frå den majestetiske herlegdomen: «Dette er Son min, den elska, som eg har hugnad i.» 18Denne røysta høyrde vi sjølve koma frå himmelen då vi var saman med han på det heilage fjellet.
Evangelium

Disiplene får se Jesu herlighet

Mark 9,2-13

9:2Seks dagar seinare tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes og førte dei opp på eit høgt fjell, der dei var åleine. Då vart han forvandla framfor dei. 3Kleda hans vart skinnande kvite, så kvite at ingen som bleikjer klede på jorda, kunne gjort dei så kvite. 4Og Elia synte seg for dei saman med Moses, og dei samtala med Jesus. 5Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Rabbi, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.» 6Han visste ikkje kva han skulle seia, for dei var så redde. 7Då kom det ei sky som la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr på han!» 8Og brått, då dei såg seg omkring, såg dei ingen annan enn Jesus åleine hos seg. 9Då dei gjekk ned frå fjellet, påla han dei at dei ikkje måtte fortelja nokon det dei hadde sett, før Menneskesonen var stått opp frå dei døde. 10Dei heldt fast på dette ordet og diskuterte seg imellom kva det ville seia å stå opp frå dei døde. 11Og dei spurde han: «Kvifor seier dei skriftlærde at Elia må koma først?» 12Han svara dei: «Elia kjem først og set alt i stand att. Men korleis kan det då stå skrive om Menneskesonen at han skal lida mykje og bli forakta? 13Men eg seier dykk: Elia har alt kome, og dei gjorde med han det dei ville, slik det står skrive om han.»
← Alle lesetekstar