onsdag 10. februar 2027

Askeonsdag

Rekkje II
GT

Jona i Ninive

Jona 3,3-10

3:3Då stod Jona opp og gjekk til Ninive, slik Herren hadde sagt. Ninive var ein uhorveleg stor by, tre dagsreiser å gå gjennom. 4Jona gjekk inn i byen, éi dagsreise, og han ropa ut og sa: «Om førti dagar skal Ninive bli øydelagt!» 5Folket i Ninive trudde på Gud. Dei lyste ut faste og kledde seg i sekkestrie, både store og små. 6Då bodskapet nådde kongen i Ninive, reiste han seg frå trona si, la av seg kappa, kledde seg i sekkestrie og sette seg i oska. 7Han kunngjorde i Ninive: «Etter påbod frå kongen og stormennene hans: Korkje menneske eller dyr, korkje storfe eller småfe, skal smaka noko. Dei skal ikkje beita, og vatn skal dei ikkje drikka. 8Både menneske og dyr skal kleda seg i sekkestrie. Dei skal ropa til Gud av all kraft, og kvar og ein skal venda om frå sin vonde veg og frå den valden dei har i hendene sine. 9Kven veit? Kanskje vil Gud venda om og angra, og venda seg bort frå sin brennande vreide, så vi ikkje går til grunne.» 10Då Gud såg det dei gjorde, at dei vende om frå sin vonde veg, angra han på det vonde han hadde sagt han ville gjera mot dei, og han gjorde det ikkje.
Brev

Troen skal utfolde seg i livet

2Pet 1,5-11

1:5Og nettopp difor skal de leggja all iver i å føya dygd til trua dykkar, og kunnskap til dygda, 6og sjølvkontroll til kunnskapen, og tolmod til sjølvkontrollen, og gudsfrykt til tolmodet, 7og syskenkjærleik til gudsfrykta, og kjærleik til syskenkjærleiken. 8For når dette finst hjå dykk og aukar, gjer det dykk ikkje uverksame eller fruktlause i kjennskapen til vår Herre Jesus Kristus. 9For den som manglar dette, er blind og nærsynt og har gløymt reinsinga frå dei gamle syndene sine. 10Difor, sysken, ver endå meir ivrige etter å stadfesta kallinga og utveljinga dykkar. For når de gjer dette, skal de aldri snubla. 11For på denne måten skal inngangen til det evige riket åt vår Herre og frelsar Jesus Kristus rikleg verta gjeven dykk.
Evangelium

En ond slekt krever tegn

Matt 12,38-42

12:38Då tok nokre av dei skriftlærde og farisearane til orde og sa: «Meister, vi vil gjerne sjå eit teikn frå deg.» 39Han svara dei: «Ei vond og utru slekt krev teikn. Men ho skal ikkje få anna teikn enn teiknet frå profeten Jona. 40For liksom Jona var tre dagar og tre netter i buken på den store havfisken, slik skal Menneskesonen vera tre dagar og tre netter i hjarta av jorda. 41Mennene frå Ninive skal stå fram i dommen saman med denne slekta og døma henne. For dei vende om då Jona forkynte for dei, og sjå, her er meir enn Jona. 42Dronninga frå Sør skal stå fram i dommen saman med denne slekta og døma henne. For ho kom frå endane av jorda for å høyra Salomos visdom, og sjå, her er meir enn Salomo.
← Alle lesetekstar